• Stoltenberg 75 2 687X1030

    Portrett av Thorvald Stoltenberg

    Portrett er kanskje noko av det eg liker aller best. Møte nye folk, bli kjent med dei i hurtig-tempo og prøve å fange eit glimt av personligheten deira. Denne gongen vart eg spurt om å ta bilete av Thorvald Stoltenberg for magasinet Pensjonisten (oppdragsgiver: Redink)

  • Rekrutteringskampanje til UiO 2016

    I samarbeid med Gambit Hill & Knowlton og Gambit & Venner leverte jeg film og foto til rekrutteringskampanjen «Kunnskap rett fra kilden» til Universitetet i Oslo.

  • Queens of 657

    Portrettfoto av Ina, Maja og Sigri som jobbar i kontorfelleskapet 657, der eg har fast kontorplass.

  • Moving Mama 2261

    Moving Mamas

    Det var meg ein glede å få portretterer desse flotte damene i Moving Mamas. Moving Mamas er ein organisasjon som tilbyr innvandrarkvinner med begrensa norsk ein start i arbeidsmarknaden. Mi oppgåve var å få fram personlegdommane, samt ta produktbilete av det dei lagar.

  • Magiske Hans

    Bilder til ein tryllekunstnar. Fotografert på operataket med Barcode i bakgrunnen.

  • Aja 220

    Portrett av Aja Humm

    Aja Humm hadde behov for nye portretter til hennar nettside. Det skulle vera passe formelt og passe personlig. Bileta er tatt i fra operaen (der ho jobbar som fiolinist). Me hadde ein fin formiddag i Operaen i lag, og tok desse portretta av Aja Humm.

  • Portrett av Per Fugelli

    Portrett av Per Fugelli til magasinet Pensjonisten for RedInk. Eg fekk ein time med han, slo av ein prat i stua, tok ein tur i Botanisk Hage og var med å kjøpe fisk i lokalbutikken på Grønland. Ein fin fyr.

  • Karianne Trio 372

    Søskenfotografering

    Hadde ein formiddag med desse tre søte søstrene i Botanisk Hage. Og ja, to av dei er tvillinger.