Portrett av Thorvald Stoltenberg

Portrett er kanskje noko av det eg liker aller best. Møte nye folk, bli kjent med dei i hurtig-tempo og prøve å fange eit glimt av personligheten deira. Denne gongen vart eg spurt om å ta bilete av Thorvald Stoltenberg for magasinet Pensjonisten (oppdragsgiver: Redink)

Thorvald var ein artig type, det første han spurte meg om var om eg ville ha sjokoladekake med krem, skamlaus som eg er lyste eg opp og takka ja, men det var egentlig berre ein spøk. Han hadde ikkje kake til meg. Men han stilte velvillig opp foran kamera. Og viste meg tillit fra nesten første stund. Han sa at han hadde aldri angra på å gi tillit til dei han hadde gitt tillit til, gjennom heile sitt lange liv. Litt av ein menneskekjenner der altså.