Roadtrip til Senja

Me bur i eit fint land, aust som vest og sør som nord. Ironisk nok reiser ein ikkje nødvendigvis så mykje i sitt eige land. For min del har eg berre vitja Hammerfest og Kirkenes nord for Trondheim før eg i helga tok denne turen til nordover, eins ærend for å besøke heimtraktane til min kjære.

Me føyk til Tromsø der me hadde ein spasertur rundt om i byen før me tok båt vidare til Brøstadbotn (via Finnsnes). Her hadde me ei fin helg saman med utflukter i nær og fjern omegn. Her er litt bilete frå turen, mesteparten fotografert gjennom bilvindauga i fart.