Testbilete frå fototuren til Hammerfest

I helga var eg i Hammerfest med illustratør Jonas Bødtker for å fotografere fem kunstbilete. Oppdraget er å teikne ein bestemt logo teikna i lysgrafitti plassert i nordnorsk natur. Dei fem kunstbileta er under arbeid, her kjem litt testbilete og naturbilete av det fantastiske landskapet i mellomtida.

Flyturen frå Tromsø til Hammerfest: ein fin opptakt til kva som venta oss i nord.

Første område me svingar innom på befaring dag 1: Kirkegårdsbukt, Forsøl.

Pausebilete medan me ventar på at sola skal gå ned.

Pausebilete nr. 2 medan me ventar på at sola skal gå ned.

Pausebilete nr. 3 medan me ventar på at sola skal gå ned. Utsikt mot Melkøya.

Sola har gått ned, men det er fortsatt alt for lyst! Første test. Me ristar på hovudet, pakker sekken og reiser til ein ny stad.

Me bytta ut kvit snø med eit svart berg og kunne endeleg starte. kl 23.30. Testbilete.

Nok eit testbilete. Gul lysstav med sterkare lyspunkt i topp og botn.

Bilete frå befaring neste dag. På toppen av Storefjell. Jonas peikar ut ein potensiell location.

På jakt etter store steinar til å ha i bakgrunnen for lysgrafittien si skuld.

Snøscootertrioen. Betre folk til å ha med på oppdraget skal du leite lenge etter. Takk Hammerfest Røde Kors!

Snødekte fjell i sikte frå Storefjell.

Glad eg hadde med meg 200mm-objektivet i fotosekken.

Søndagnatt 02:38. Siste bilete. Me pakkar saman, kalde og slitne etter fire intense timar med maks prestering.

Nå attstår redigering og utplukking av dei fem bileta. Gleder meg til å vise kunden og publisere!

 

 

2 replies

Comments are closed.