Fotograf vs. designar

Veit ikkje om det er som har misforstått eller om det er kunden/markedet. Saken er den at eg synest det er 1000 gongar lettare å tjene penger på fotografi i forhold til design – til trass for at eg har ein master i design og er sjølvlært i foto. Kvifor er det slik?

Ein av grunnane kan vera at fotografi er meir konkret enn design. For å ta eit eksempel: kunden treng bilete, fotografen leverer bilete, kunden betaler for biletet. I designverda vert det meir i denne gata: kunden treng design, designaren leverer design og idéprosess (reformulerar gjerne briefen), kunden betalar for tenesten. Det er lett for kunden å forstå det endelege resultatet, som logoen, magasinet eller plakaten, men vegen fram dit, alle ideane, skissene og krumspringa som kanskje fører fram til eit resultat, kven skal betale for det?

Det er her utfordringa ligg, trur eg. Kunden må få kjennskap til korleis designaren jobbar, og designaren må ta seg betalt for det. Men når er kunden og markedet klare for den tankegangen?

Mitt dilemma etter endt skulegang, er om eg skal jobbe lite og tene masse (på kommersiell fotografi) eller jobbe masse og tene lite (konseptuell design). Sannsynlegvis vert det ein kombinasjon av desse to. Håpar berre eg får anvendt masterutdanninga mi.