Biletet - den overfladiske formidlaren?

Kom over ein interessant artikkel om biletet sitt angrep på teksten, skrive av Pål Veiden (f. 1958), dr.polit og førsteamanuensis i sosiologi ved Høyskolen i Oslo.

Les heile artikkelen her.

Han skriv:

Fotografiet stjeler plass fra bildet. Bildet breier seg der det kunne ha vært tekst. Bildet er kjedelig, det er det du ser.…Bildet er invasjonen fra en verden av ukonsentrerte, en verden av folk som må underholdes hele tiden, som ikke makter lange og intrikate resonnement, men som må ha noe artig som de kan kaste blikket på, noe som kan fortelle dem at neida, det er ikke nødvendig med all denne kjedelige teksten!

Vidare meinar han medienoreg som pressar ut avis på avis må ha nok innhald å publisere kvar dag, og då er det enklare å fylle det opp bilete enn tekst. Det tek mindre tid.

I det store og det heile meinar han at det er på tide at tekstelskarane må reise seg før biletedyrkinga tek overhånd.

--

Han har mykje rett i det han skriv, òg så skriv han godt, noko som hjelper på å bli påvirka av hans meiningar. Eg kjenner meg sjølv igjen i det han beteiknar som «latskap», i min eigen biletekonsumering, både som skapar og sjåar. Det er ikkje til å legge skjul på at RSS-strømmen eg føl er stort sett biletebasert, og det er sjeldan at eg les lange artiklar på nett. Eg er for rastlaus når eg les på skjerm. («Leser»-funksjonen til Safari er forresten heilt genial, utan den hadde eg aldri klar å lese heile artikkelen). Eg skal ha informasjon fort og lett. Slik sett er bilete optimalt. Det er biletet sin styrke - å formidle eit (rikt) budskap momentant.

Det Pål Veiden ikkje skriv så mykje om i sin artikkel, er at bilete kan og sjåast på som tekstformidlar. Om ein tenker på den utvida definisjonen av tekst, som formidlar av eit budskap. Poenget mitt, og til «forsvar» for biletet, er at det kan ligge myje tekst gøymt i eit biletet. Det kan ligge fleire lag med informasjon, noko som er lett å få auga på, og noko som ligg meir i skjul. Men det er opp til sjåaren å få auge på denne informasjonen og trekke eigne slutningar. Slik sett kan bilete vera meir open for tolkning enn det skrivne ord, noko som kan kreve meir av mottakaren? Som igjen krev ein ikkje-lat mottakar.