Livet etter det tradisjonelle fjernsynet

Vel og beskriv et tradisjonelt medium med hovudvekt på mediet sitt kjenneteikn og utvi- klingstrekk. Gå deretter inn i dei utfordringane dette mediet har møtt gjennom aukande konvergens.

Oppgåvetekst

Vel og beskriv et tradisjonelt medium med hovudvekt på mediet sitt kjenneteikn og utvi- klingstrekk. Gå deretter inn i dei utfordringane dette mediet har møtt gjennom aukande konvergens.

skrive av Oda Hveem, januar 2008, i emnet mediehistorie og teksteori.

Eit samfunn i endring

I løpet av tjue år har det tradisjonelle medie- og kommunikasjonssamfunnet endra seg drastisk. Dagens, og for ikkje snakke om framtidas, teknologiske moglegheiter er enorme, men heng forbrukarane med? Fjernsynet har lenge blitt spådd ei dyster fram- tid, først av tekno-entusiastar, og seinare av ulike medievitarar og forskarar. Men åra har gått og fjernsynet står ennå ved lag. Akkurat i desse tider vert det digitale bakke- nettet innført. Dette opnar opp for nye moglegheiter. Det opnar opp for ein større grad av interaktivitet og valfridom. Det eg undrar på er om fjernsynet ser sin sjanse til å i endå større grad fylle ut potensialet det har som medium. Og om det er dette i seg sjølv er svaret på utfordringane mediet møter gjennom aukande konvergens.

Introduksjon

Eg vart fødd på åttitalet. Ei tid då det var enkelt å vera medie- og fjernsynsbrukar. Me brukte fasttelefon når me skulle snakke med folk over lengre avstandar; gårsdagens ny- hende kunne me lese i avisa; me kunne høyre dagens nyhende på radioen; og skulle me sjå levande bilete synkronisert med lyd frå røynda, så var Dagsrevyen tingen. Fjernsynet var enten i fargar eller i svart/kvitt, me hadde antenne på taket, og me såg NRK, bort- sett frå min familie då – me hadde berre radio, ja og lokalavisa Kvinnheringen. Foreldra mine ville skjerme meg for det evige maset frå den kommersielle kanten.

No er det annleis. Til og med min familie har fått fjernsyn, og då av sorten siste skrik; TV med breidbandtilkopling. Me har óg fått ip-telefoni og Internett i hus. Kanaltilbodet veks over alle grenser; me kan fryse sendingar, lagra dei, og sjå dei når me vil. Me har fått ein valfridom, ein telefon er ikkje lenger berre ein telefon, og eit fjernsyn er ikkje lenger synonymt med NRK.

Kjenneteikn

Fjernsynet har ein høg kvalitet som massemedium. Det gir tilgang til informasjon og underhandling, og er svært brukarvenleg. Eit apparat, strømtilgang, og TV-uttak er stort sett alt ein treng for å sjå fjernsyn. På-knappen er svært lett å finne, verre kan det vera med av-knappen. Eit fjernsyn kostar ikkje den store summen, og det har inntil nyleg stort sett gitt lik tilgang til (populær) kultur for alle.

Groucho Marx sa «Jeg synes fjernsynet er veldig lærerikt. Hver gang jeg setter det på, går jeg inn i et annet rom og leser en god bok.» Dette sitatet fortel noko om det kom- mersielle fjernsynet si negative side. TV-selskapa jaktar stadig på nye lisensbetalarar og lagar dermed program som ein trur vil fenge. Program som får sjåaren til å le, grine og smile. Resultatet av fjernsyn for alle kan dermed utvikle seg til fjernsyn for ingen. Men nå vil eg ikkje påstå at det er ingen som ser på fjernsyn, tvert i mot. Sidan starten på fjernsynsalderen, her i Noreg i desember 1960, så gjekk det berre 10 år før fjernsynet vart eit massemedium. Stova vart ommøblert rundt om i dei norske heimane slik at fjernsynet fekk hedersplassen, og familien flokka seg rundt dette apparatet som sendte ut synkroniserte lyd og levande bilete. I starten skulle fjernsynet opplyse meir enn un- derhalde, medan nå er flisa snudd den motsette vegen, det skal underhalde meir enn opplyse. Her kan vi snakke om ein slags push-teknologi, underhaldninga vert dytta på oss. Det me har makt over, får me gjennom fjernkontrollen, me kan «zappe» oss til den kanalen me vil sjå på. Det gir ein viss valfridom. Men noko særleg meir påverknadskraft har me ennå ikkje, slik det tradisjonelle fjernsynet legg opp til.

Fakta

Fjernsyn kan karakteriserast som eit telekommunikasjonssystem for å overføre levande bilete med lyd over avstand. Det kan med sine tradisjonelle trekk konkretiserast i desse stikkorda: • tilgjengeleg (det når så godt som alle)

• aktuelt (distributør av utvalde program og redigert informasjon)

• sosialt (sentral rolle i heim og fritid)

• fast sendeskjema

• tilpassa forbrukaren (serverer program som følgjer

eit tidsskjema)

• pakka inn i ein flyt som gir inntrykk av

direktesending

• eit vindauge mot verda • passivt (krever lite av publikum) Desse trekka har gjort fjernsynet til eit av dei viktigaste, og mest innflytelsesrike mediet, i Noreg som i andre land. Fjernsynet distribuerar eit avgrensa valtilbod, både i program og kanalar, og følgjer faste sendetider som er tilpassa menneska som ein homogen gruppe.

Utviklingstrekk

Nyvinningar hermar etter gamle tradisjonar og konvensjonar. Den første bilen såg ut som ei hestevogn; den første trykte skrifta herma etter handskrifta; den første nettavi- sa likna pairavisa og den første fjernsynssendinga likna radiosendinga. Fjernsynet med BBC i spissen overtok oppdragarrolla radioen hadde tatt åra før. Det var John Reith som fant opp kringkastingsmodellen som vart førande for radiosendingane på 1920-talet og framover. Nøkkelorda var at radioen skulle

• inform (informere)

• educate (undervise/oppdra)

• entertain (underhalde) Dette la grunnlaget for Public Service Broadcasting. Sendingane skulle vera for alle og fungerte nærast som ein offentleg oppdragar. NRK fekk seinare denne rolla i Noreg. Dei første regelmessige fjernsynssendingane tok til i London, der BBC starta sendingar seint på hausten i 1936. Europas lagnad under 2. verdskrig gjorde at vidare utvikling

av fjernsynet vart flytta til USA, – noko som fekk store konsekvensar av korleis fjernsyn opptrer den dag i dag. (Schwebs og Østbye, 2007:59) I 1960 starta NRK si første offisielle fjernsynssending. Det skulle gå mange år før andre kanalar kom på banen. Først i 1990 starta TVNorge og TV3 sedingar, men dette var kommersielt fjernsyn og over kabel. Same året fekk TV2 konsesjon til å etablere og drive riksdekkjande reklamefinansiert allmennfjernsyn. Som om det ikkje var nok, så har det i det siste strømma på med fleire kanalar, TV2 lanserte Zebra, Nyhendekanalen og Film- kanalen. Til og med NRK har utvida tilbodet sitt med NRK1, NRK2 og NRK3.

Revolusjonar i fjernsynets historie

Så langt har fjernsynet vore gjennom tre teknologiske endringar. Overgang frå svart/ kvitt til fargar, noko som kanskje førte til eit meir røyndomstru bilete. Overgang frå monopolsituasjon til fleirkanalsystem; kabelnett; parabolantenner som utvidar kanal- tilboda i stor grad; og video som gir moglegheiten til å ta opp levende bilete. Men den største omveltinga er likevel den digitale revolusjon. Dette medførte TV på web, web på TV og TV på mobil. Me kan vera vår eigen kanalsjef, bestemme når, kva og korleis me vil setje opp sendeskjema. Dette gir stor valfridom. Det store spørsmålet er vil den same valfridommen komme til syne i det tradisjonelle fjernsynet når det digitale bakkenettet har vorte ein realitet?

Utfordringar

Den siste teknologiske endringa har ført til at det tradisjonelle fjernsynspublikummet har endra seg. Sjølve digitaliseringa og konvergensen plasserar forbrukarane i ein ny situasjon ved å tilby andre bruksmåtar enn kringkastingsmodellen. Jeanette Steemers, professor i media og kommunikasjon ved Univerity of Westminster skriv om dette i artikkelen: «Broadcasting is dead – long live digital choice, publisert i fagtidsskirftet «Convergence». Her vert det påpeika at kringkastinga si forutsetning, at publikum vert handsama som ei homogen gruppe styrt av same behov, er undergangen. Ho meinar vidare at ønsket om det individuelle valet står sterkt og om kringkastinga skal overleve, må innhaldet pakkast inn i ei anna form. Ei form som er interaktiv og som oppmodar til valfridom.

I 1990 skreiv George Gilder boka «Life after television» (Nettreferanse 1), der han hev- da at fjernsynet ville dø og erstatta av ein datamaskin med breiband og tovegs video. Eg har sjølv lite tru på det tradisjonelle fjernsynet med fast sendeskjema, i framtida. Det kan til dels skuldast mitt ambivalente forhold til tidssluksapparatet slik som det

er i dag. Ikkje får ein bestemma åtferda til menneske både direkte og indirekte – men det er ein annan diskusjon. Likevel ser faktisk dei fleste av oss MEIR fjernsyn nå enn på åtti-talet, då eg vart føydd. Forklaringa på dette er at me brukar meir tid på medier, og at me brukar fleire samtidig, eit multitaskings-mediesamfunn. Folk sine bruksvanar er vanskelege å endre. Har du høyrt om besteforeldre som lastar ned filmar på nett og viser på heimekinoanlegget sitt utstyrt med nymotens prosjektor og surroundanlegg? Dagens teknologi kan gjere mangt og mykje mogleg, verre er det å endre vanane til forbrukarane, det krev tid og ressursar av ein annan dimensjon.

Livet etter det tradisjonelle fjernsynet

Akkurat kor lenge det tradisjonelle fjernsynet kjem til å leve er umogleg å seia. Men det som er sikkert er at det møter aukande konkurranse frå andre media, og at det i desse dagar blir lagt om til bakkenett. Ei løysning som opnar opp for nye moglegheiter. Fjernsynet må heile tida tilpasse seg mediesamfunnet for å overleve, og me vil nok sjå fortløpande andre løysningar enn dagens tilbod på sykronisert bilde- og lydvisning.

På ein annan side er systemet slik det er nå, fjernsynsapparat med kanaltilbod med faste sendeskjema, eit viljesterkt meidum. Menneske liker faktisk å få servert under- haldning rett i fanget, late som me er. Fjernsynet har stor utbreiing i antall og har sterk posisjon i sosiale samanheng, det er tilpassa massen og ikkje individet. Sjølv om individualisering står sterkt for framtida, skal det skal meir enn ein pc for å ta knekken

skrive av Oda Hveem, januar 2008, i emnet mediehistorie og teksteori. Side 47

på massemediet aka den fjern-synte, som spyr ut såpeseriar og reklame om ein annan. Det møter konkurranse gjennom aukande konvergens, og det er nok nøydt om å til- passe seg dei nye tilhøva, den nye kvardagen – der individualisme og interaktivitet står sterkt – noko som bryter sterkt med tradisjonelle fjernsynet slik me kjenner til det.

Kjelder

Ture Scwebs og Helge Østbye: Media i samfunnet, Det Norske Samlaget 2007 Broadcasting is Dead. Long Live Digital Choice: Perspectives from the United Kingdom and Germany’, Convergence, 3, no. 1 (1997). 51-71. Nettreferanse 1: http://blogg.dn.no/tanjastorsu...