Fotografen i eit nøtteskal

Fotografen sitt arbeid i mediebilete er å framstille fotografi ved hjelp av lys. Ein fotograf må kunne fargelære, behandle lys og skygge, og kunne planlegge budskap og uttrykk i bilete. Problemet, eller «utfordringa» – som det så fint heiter, dukkar opp når fotografen vert pressa til å ta bilete som andre ynskjer å ha, og som ein nødvendigvis ikkje brenn for. I mange tilfelle må fotografen «selja sjela si», for å overleve. Dette fordi medie-Norge er ein såpass liten «institusjon» der det ikkje er det store rommet for å overleve av å produsere uavhengige fotografi. Fotografi som ein lagar av eiget ynskje, fotografi ein brenn for.

Av Oda Hveem, 3. Kl. mediedesign, Høgskolen i Gjøvik, januar 2008

Last ned som pdf

Fotografen i eit nøtteskal (les: noreg)

Oppgåvetekst: Multimedieproduksjon; Ta for deg ett produksjonselskap, en sjanger, en distributør, en kundegruppe, eller annen konstellasjon i medie-Norge og belys: Hvordan opprettholdes uavhengighet, kreativitet, distribusjonsfrihet og kunsterisk uttrykk i et kommersialisert medielandskap? Eg vil i dette essayet skrive om fotografen i det norske medielandskap. korleis er det For ein FotograF å leve av sitt kunstneriske uttrykk? og korleis vert uavhengighet, kreativitet

og det kunstneriske uttrykket ivaretatt i et kommersialisert medielandskap?

introduksjon

Fotografen sitt arbeid i mediebilete er å framstille fotografi ved hjelp av lys. Ein fotograf må kunne fargelære, behandle lys og skygge, og kunne planlegge budskap og uttrykk i bilete. Problemet, eller «utfordringa» – som det så fint heiter, dukkar opp når fotografen vert pressa til å ta bilete som andre ynskjer å ha, og som ein nødvendigvis ikkje brenn for. I mange tilfelle må fotografen «selja sjela si», for å overleve. Dette fordi medie-Norge er ein såpass liten «institusjon» der det ikkje er det store rommet for å overleve av å produsere uavhengige fotografi. Fotografi som ein lagar av eiget ynskje, fotografi ein brenn for.

For å få innblikk på dette området skal eg henvende meg til ulike fotografgrupper, –frå familiefotografen til den kunsteneriske fotografen for å sjå korleis ståa er. Korleis det er å leve av eit «kunstnerisk» uttrykk, i eit lite land. fotografyrket «Fotograf» er ein fri tittel. Alle som vil kan kalle seg fotograf. Til og med underteiknande kallar seg fotograf, sjølv utan utdanning. Det eg legg i ordet fotograf, er ein som tjener til livets opphald med foto – heilt eller berre delvis. Det betyr altså at det ikkje er nokon formelle krav for å kalle seg fotograf. Men ein må ikkje tru at det er berre til å kjøpe seg eit proft utstyr, så kan ein hamle opp med dyktige og profesjonelle fotografar. Det er ofte kva du gjer bak kameraet (og i photoshop) som skil dei gode fotografane frå dei dårlige.

Det finnes fleire måtar å utdanne seg på som fotograf, om ein verkjeleg vil ha utdanning i det faget. Ein kan gå på kortvarige kurs eller ein meir langvarig skulegang. Mange folkehøgskolar har liner med foto/medie-liner, i Trondheim er Norsk Fotofagskole å finne, i Oslo finnes det noko som heiter «BILDER Nordic School of Photography» (Nettressurs_1). Nokon få tar utdanning utanfor Noreg,

2

men fordi tilbodet har vorte betre her i Noreg i dei seinare år, er det færre og færre som søkjer seg til utlandet. Dessutan er vennekrets og nettverksskaping svært viktig om ein skal klare seg som frilansfotograf, og då ville det vera litt dumt å ha alle kontaktar i feil land – om ein tenkjer seg tilbake til gamlelandet.

Etter endt skulegang må ein enten prøve å få plass hos ein fotograf, som lærling eller assistent. Men kampen om plassane er hard, og det er heller ikkje alle fotografar som er like gode læremeistere. Eg har høyrt historiar om fotolærlingar som endte opp med å smøre nistepakka til Oslofotografar. Ikkje noko særleg givande, om ein sjølv vil opp og fram.

Å byrja for seg sjølv er heller ikkje berre berre. Kampen om kundane er stor, mange frilansere betyr svært lave priser for å komme inn på markedet. Eg sjølv starta opp i 2006 med nyinnkjøpt kamera og friskt mot. På det tidspunktet hadde eg ingen aning om at eg faktisk kunne tene pengar på hobbyen min. Eg kjøpte meg eit godt kamera, fordi eg hadde lyst på det, og tok på meg nokre småjobbar berre for morro skuld. Nettverk er alfa og omega i denne bransjen – er min erfaring. Og ikkje minst å gjera ein god jobb. Legg du skikkeleg mykje innsats ned i ein jobb, får du ein fornøyd kunde. Denne kunden kjenner kanskje andre potensielle kundar, og vil då kanskje markedsføre deg som fotograf – heilt gratis, og heilt uoppfordra. Så langt, alt bra. Men kva skjer den dagen kunden ber deg om å ta eit bilete du aldri kunne tenke deg å ta. Eit bilete som strider mot dine prinsipp, eller rett og slett byr deg i mot. Her er me inne i kjernen i dette essayet. Men først litt om Noreg, og om kommersialisme.

kommersialisme

Framandordboka definerar kommersialisme som «et system som søker å fremme handelen på andre næringsgreners bekostning; politikk der det først og fremst tas hensyn til profitt el. Forretningsmessig drift; handelsånd». «Kommersiell» vert definert som «som angår handel; drivverdig, lønnsom.» Her er det altså snakk om å tene pengar – kort fortald. Her er det ikkje snakk om å gjera verda betre med produktet du skapar, men å håve inn mest mogleg peng. Om det verkjeleg er det ein vil som fotograf – å bli rik, då kan ein berre pakke igjen snippsekken (fotosekken i dette tilfellet) og starte som kassadame på Rimi – meinar eg. Dei flinkaste fotografane

lever og ander for foto, det er ikkje berre ein jobb som skal gi deg mat på bordet. Men det er fullt mogleg å tene gode pengar på foto. Dette fordi bilete selgjer. Alle er opptekne av bilete, og alle blir påverka av det. Sånn er det, og sånn kjem det til å bli i lang tid framover. Synet er den sansen menneske bruker mest, den tar mest av vårt fokus, og det er lett å nå fram med fotomediet. Levande eller «daude» bilete. Begge media har den eigenskapen at det ligg tett opp til røynda. Derfor vert det óg utnytta i reklameøyemed. Underteiknande jobbar sjølv som fotograf i eit reklamefirma og veit kor effektfullt bilete er i reklamesamanheng. På godt og vondt.

3

noreg

Noreg har aldri vore den store kulturnasjonen. Ikkje har me pyramidar, Eifelltårn eller svære steinar på jordet (om ein ser vekk frå bautasteinar då), og ikkje klarar me heilt å sjå nytta av det heller. Eit bortgøymt bondeland – men med masse potensial, som me så positivistisk kan seia om det ser aldri så mørkt ut. Frp-politikar Siv Jensen meinar Kultur-Noreg si største utfordring er elitefokuset fordommar og avstand. Ho kjem vidare med eit viktig poeng, at kulturen vil blomstre i dei kommande åra, fordi kommersialiseringa ufarleggjer kulturen for vanlege menneske som ikkje har den kunstfaglege bakgrunnen til å vurdere kunst. Kunst blir meir og meir for alle, ikkje berre for eliten. (Nettressurs_1)

Nå vert fotografi knapt nok rekna som kunst. Etter ein lang og hard kamp frå utover 50-tallet endra synet seg på fotografiet. Til då hadde fotografi berre vore rekna som bilete. Men etterkvart tok kunstnarar dette mediet til seg, og starta å eksperimentere. I dag skil det norske lovverket mellom «fotografiske verk» og «fotografisk bilete», der hovudskilnaden er at «fotografisk verk» har lengre vernetid. Det er óg reglar for kva me kan ta bilete av og kva me kan offentleggjera. Åndsverkslova vernar over både opphavsmannen og den/det som er avbilda. Det er nemleg sånn at me ikkje kan ta bilete av kva som helst og publisere det kvar vi vil. Og godt er det.

den kommersielle fotografen

Noreg er som sagt ein ganske liten nasjon. Det gir eit smalt fotomarked. Som igjen gjer at ein fotograf i Noreg ofte må famne over mange nisjer som f.eks. presse, portrettfotografi, reportasje og reklame. Mange spesialiserer seg, men dei fleste vil operere i fleire områder. Ein kan enten velge å jobbe frilans eller å vera fast ansatt. Å jobbe som frilansar vil seia at ein sjølv bestemmer over sine eigne oppdrag. Ein er i direkte kontakt med kunden og har totalansvaret for økonomi, markedsføring, og alt anna som måtte oppstå. På mange måtar er det tryggare å vera fast ansatt. Fast månedsbeløp på konto, oppdrag som kjem til deg nærast heilt av seg sjølv og kollegaer som støtter deg i tjukt og tynt. Ulempa er at du ikkje får den samme fridommen. Du får ikkje alltid sjølv bestemme kva foto som skal takast, ei heller kva kunde du vil jobba for. Det er fordeler og ulempar med begge retningane, men om ein vil satse på det kreative og kunstneriske er nok frilans vegen å gå. Då kan du i større grad leve av ditt eige kunstneriske uttykk. Bygge din egen bildestil, og levere bilete som du sjølv ønskjer å levere.

4

den kunstneriske fotografen i noreg

Fotografen Galina Manikova er ein outsider i det norske kunstmiljøet. I eit intervju i regi av nettstaden foto.no kjem det klart fram at ho ikkje har noko særleg til overs for det norske kunstmiljøet. Ho karakteriserar det norske fotomiljøet som den reine mafiaverksemda med korrupsjon, trakassering og diverse alliansar som brukar ufine metodar for å bringe fram sine eigne. - Miljøet er preget av dårlig utdannelse og kunnskapsnivå, fordommer, plagiat og penger. Det gode støttesystem for kunst korrumperer. I Norge finnes det noen få som har fått mange millioner kroner til sine usselige aktiviteter. Samtidig finnes det en rekke dyktige kunstnere som aldri kommer frem i lyset, forteller Galina. (Nettressurs_3). Ho påpeikar likevel at det er mange dyktige kunstnarar i Norge, men dei fleste flaksar til det «O Store Utlandet», som ho sjølv.

Norske kunstnarar er tross alt veldig heldige fordi dei lever i eit trygt og rikt land med gode støtteordningar og utstillingsmuligheter. Folk får støtte til å reise meir og blir meir internasjonale. Norsk kunstnarar forstår nå i større grad at det finnes ei stor verd der ute og at det ikkje kan sitja på sidelinja lenger, seier Galina Manikova.

den kommersielle, kunstneriske fotografen i norge

Det er en kjent sak at mange fotografar driv ein til tider smertefull balansegang mellom det kommersielle og det kunstneriske feltet. Mykje av inntekta kan komme frå oppdragsbasert fotografering medan ein jobbar og utviklar det kunstneriske uttrykket på si. Dette fordi fotografering nærast er ein livsstil, det handlar om å sjå, om å uttrykkje kvar og formidle det vidare slik at andre kan óg kan få sjå kva du enn måtte ha på hjarta. Det er ytterst få som klarar å livnære seg som 100% kunstfotograf. Rekningar skal betalast, fotoutstyr

skal investerast, til sjuande og sist må nokon betale for fotografia du vil skape. Enklaste veg er å bli familie- og bryllupsfotograf. Dei fleste føler behovet før eller sidan for ein «profesjonell» stadfesting på at ein giftar seg, har ein familie, eller rett og slett har fått ein unge, som MÅ dokumenteras. Kunden kjem og har eit ønske. Rammene er satt. Du som fotograf må bare levere det kunden vil ha. Verken meir eller mindre. Haken her er at aller helst vil kunden ha same bilde som din forrige kunde, som igjen ville ha likt bilete som kunden før der igjen. Dette kan fort utvikle seg til å bli ei tvangstrøye. Men noko må ein jo leva av, nokon må like bileta dine, nokon må kjøpe bileta dine – om du vil leve av fotografi. Det verste er å selje sjela si, bruke talentet sitt på å berre gi det andre vil ha, utan å tenkje over kva du sjølv vil gi. Ein kan nesten sjå på det som omvendt egoisme oppi det heile.

Eg meinar og trur det er plass for mange slags fotografar, sjølv i eit lite land. Ein må berre skape sin eigen plass. Noreg er eit rikt land, har mange støtteordningar, om det ikkje akkurat er ein kulturnasjon, så er har fokuset på det området auka i takt med at velstanden har auka. Behovet for fotografi har óg auka. Det kan berre bety ein ting; fotografar av alle dimensjonar er ønska velkomne.

Ressursar Berulfsen og Gundersen. (2003). Fremmed ord boken . 16.utg. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. Nettressurs_1: http://www.fotoskolen.no/jobbe... (01.02.08) Nettressurs_2: http://www.aftenposten.no/nyhe... (01.02.08) Nettressurs_3: http://foto.no/cgi-bin/article... (01.02.08)