Objektiver

Nokon samler på smykker, andre samler på frimerker - eg samler på glass. Før var det helst Canon L optikk, men nå er det den evige jakten etter det perfekte objektivet til Sony FS5.

Objektiver 18

Eg er ikkje 100% utstyrsfreak - for meg er det fortsatt redskap for å skape. Men eg er veldig glad i godt utstyr. Og er det noko eg bruker mykje tid på, så er det optikk. Særlig om ein tenker på kor lite forskjeller det egentlig er snakk om. Jakten på det perfekte objektivet fekk ein ny dimensjon etter eg kjøpte mitt første filmkamera, sony fs5. Med metabones kunne eg bruke canon L optikk til filmkamera, men oppdaga raskt at det ikkje var heilt ideelt. Autofokus fungerer veldig dårlig, om det heile tatt fungerer og manuell fokus blir veldig vanskelig når ørsmå forandringer på fokusringen gjer store utslag i filmruta. Samt at blendar ikkje alltid var lett å forandre på, til tross for metabones hevder at det skulle vera null stress. Eg lover deg, på opptak er det ganske stress når du er nødt til å slå av og på kamera for å få kontakt med blenderen til objektivet.

Objektiver 12 2

Vivitar 28mm, Canon 50mm f/1,2, Canon 50mm f/1,8 Canon FL 85mm f/1,8, Canon 135mm f/2,8 + påmontert Novoflex konverter til Sony E, Canon FD 100-200mm, Canon FD 200mm f/2,8

Canon FD optikk

Autofokus er i grunnen ikkje så farlig på film - med mindre du skal bruke gimbal. Så derfor ville eg teste ut gammal Canon FD optikk. Med den optikken er det digg å fokusere manuelt og i tillegg mekanisk blendar, men held optikken mål i.fht. dagens standard? Både ja og nei. Litt bløtere fokus, litt meir gult, sliter litt i motlys og greit med kromatisk abberasjon (dei raude strekene ein kan sjå i brytningen mellom mørkt og lyst). Så derfor gjekk turen vidare.

Objektiver 6 2

ZEISS Batis 25mm f/2, sony FE 55mm f/1.8, ZEISS Batis 85mm f/1.8, Sony FE 90mm f/2.8 Macro

Sony/Zeiss objektiver

På grunn av gimbal-bruk hadde eg eit krav om autofokus. Etter mykje om og men falt valet på ZEISS Batis 25mm f2,0. Ein lett vidvinkel med god optisk ytelse. Medan eg først var i gang kjøpte eg og Basis 85 mm F1,8. Tanken var å bruke 85mm til portrettintervju og 25mm til standardobjektiv. Eg kjøpte og likså godt Sony FE 55mm, med tanken på når 85mm blei litt for tett til intervju (filmer ein del i små rom, så då er 55mm god å ha). Nyaste objektiv i familien er Sony 90mm makro - berre fordi eg ville ha. Denne er nok overflødig då eg allerede har ein Canon 100mm makro.

Objektiver 29 2

ZEISS Batis 25mm f/2, sony FE 55mm f/1.8, ZEISS Batis 85mm f/1.8, Fujinon MK 17-55 T2.9, Sony FE 90mm f/2.8 Macro

Fujinon mk 17-55mm T2,9

Det aller dyraste objektivet eg eig er Fujinon mk 17-55mm T2.9. Mitt første cinema objektiv med god manuell fokus, 200 grader fokusringl. Den er også "par-focal" - samme fokusområde om du fokuserer inn i bildet som når du har på full vidvinkel. DSLR-optikk endrer fokus om du endrer brennvidde. Og så har du trinnløs blendar som du kan styre manuelt. Dette objektivet liker eg å bruke til event og hurtig-jobb, der du ikkje har tid til å bytte objektiv. Sidan den er litt stor og framtung er eg ikkje heilt solgt og bruker Sony/zeiss optikk framleis.

Objektiver 11 2

Canon EF 16-35mm f/2,8, Canon EF 50mm f/1,2, Canon EF 85mm f/1,2, Canon EF 200mm f/2,8

Canon L optikk

Det er tre objektiver som nesten alltid ligg i sekken. Og det er Canon 16-35mm f/2,8, ein fin vidvinkel, 50mm f/1,2 eit veldig godt standardobjektiv og 85mm f/1,2 - favoritten til portrett. Og så har eg ein 200mm f/2,8 til event/konsert, men den er sjeldan i bruk. Eg tipper eg bruker 85mm mest, 50mm til plain redaksjonelle foto og 16-35 når eg må ha med meg heile situasjonen. Om du ikkje har ein 85mm og liker å ta portrett - kjøp deg ein!

Objektiver 8 2

Sigma 8mm fish-eye, Canon TS 45mm, Canon 100mm f/2,8 macro

Litt leke-objektiver, Sigma 8mm fish-eye, Canon 45mm tilt-shift og 100mm makro.

Objektiver eg har hatt men solgt:

  • Canon 50mm f/1,8 - mitt første sekundærobjektiv
  • Canon 50mm f/1,4 - oppgradering av førstnevnte
  • Sigma 105mm makro - opplevdes uskarp, kjøpte canon 100 mm makro
  • Canon 17-40mm f/4L - er altfor glad i lyssterk optikk
  • Canon 24-70 mm f/2,8 - opplevdes uskarp, kjøpte heller fast optikk
  • Canon 70-200mm f/4L - stor og tung, heller ikkje så lyssterk
  • Canon 24mm f/1,4 - solgte nettopp denne fordi 16-35mm trumfer pga zoom.
  • Sony 28mm f/2,8 pancake - for dårlig optisk ytelse

Kameraer eg har hatt:

  • Canon 300D
  • Canon 5d Mark I
  • Canon 5d Mark II
  • Canon 5Ds (nåverande)
  • Sony FS5 (nåverande)

Objektiver til Canon

  • Canon EF 16-35mm f/2,8
  • Canon EF 50mm f/1,2
  • Canon EF 85mm f/1,2
  • Canon EF 200mm f/2,8
  • Sigma 8mm fish-eye
  • Canon TS 45mm
  • Canon 100mm f/2,8 macro

Objektiver til Sony E

  • ZEISS Batis 25mm f/2
  • sony FE 55mm f/1.8
  • ZEISS Batis 85mm f/1.8
  • Fujinon MK 17-55 T2.9
  • Sony FE 90mm f/2.8 Macro

Canon FD-optikk

  • Vivitar 28mm
  • Canon 50mm f/1,2
  • Canon 50mm f/1,8
  • Canon FL 85mm f/1,8
  • Canon 135mm f/2,8
  • Canon FD 100-200mm
  • Canon FD 200mm f/2,8

Nyskjerrig på å prøve

  • Sigma art serien - trumfer det Canon?
  • Zeiss cinema optikk - stor forskjell fra det eg har nå?
  • Canon cinema optikk - for tungt?
  • Cooke vintage cinema optikk - for dyrt?
  • Samyang - kan det funke?

Men aller helst skulle eg hatt meg ein god vidvinkel til både foto og film. Tenker på ein 14mm fast, evt. ein 14-24mm zoom som kan erstatte 16-35mm. Men då kommer spørsmålet om det er verdt det?