Mitt liv som sjølvstendig næringsdrivande

Til neste år rundar enkeltmannsforetaket mitt Hveem Media heile 10 år. Hurra, hurra! Mange tenker jo at det må vera ein drøm å drive som sjølvstendig, ta fri når du vil, bestemme alt sjølv osv. Men er det eigentleg sånn? Her er mine tankar:

1. Du har ikkje ein dagjobb som alle andre

Eg prøver konstant å holde meg til jobbing på dagtid, med utgangspunkt i 09-17. Men det sklir fort ut. Ofte fordi det er så gøy å sitte på jobb. Noko som i utgangspunktet er eit luksusproblem, med kan føre til eit seriøst problem om eg ikkje set begrensningar. Med mindre eg ikkje har noko anna eg skal på, f.eks. trening eller musikkøving, så blir eg gjerne sittande til sulten tar meg. Det ender ofte med sushi på hjørnet slik at eg kan gå tilbake å jobbe et par timar til. Og vips så blei det 12 timar den dagen. I lengda fungerer dette veldig dårlig.

Løysing: skaffe meg forpliktelsar på ettermiddag/kveld slik at eg ikkje blir sitjande med jobb utover kvelden.

2. Du har ikkje «helg»

Eg prøver så godt eg kan, å holde helga hellig. Men i praksis skal eg vera nøgd om eg klarer å holde minst ein dag jobbfri, i realiteten søndager. Men ofte blir helgane brukt som «bonusdagar» for å komme på godsida igjen. Slik at eg kan gå neste veke i møte med friskt mot, og ikkje hundre deadliner som henger over meg.

Løysing: vera flinkare i vekedagane, og særlig fredagen, til å gjere ferdig dei prosjekta som eg ofte blir sitjande med i helga. Prøve å stresse effektiviteten eit hakk.

3. Du kan ikkje vera sjuk

Jo, du kan vera sjuk. Men det går berre utover deg sjølv. Tar du pause i 3 dagar, så står alt bom stille i 3 dagar, og du blir nødt til å ta det igjen på ein eller annan måte. Då blir det gjerne helg- og kveldsjobb i god kombinasjon som sjølvstraff.

Løysing: bli fort frisk og opparbeide eit killer-immunforsvar.

4. Du kan ta fri når du vil…eller?

Nja, tja. For min del er det vel heller kundane mine som vel det for meg. Tenk om du tar fri og går glipp av DET konge-oppdraget? Eg ender ofte opp med å prøve å alltid vera tilgjengelig. Alltid litt på. Aldri heilt av. Bortsett fra om sommeren då, då er dei aller fleste av. Men ellers skal eg innrømme at eg er redd for å berre stikke av ei veke eller to, og gå glipp av store og gode jobber. Eg har muligheten til det, men tillet meg ikkje den friheten.

Løysing: Kom igjen, du lever bare ein gong, ikkje vits å gå i samme tralten dag etter dag, kom deg ut og opplev! Og så om du går glipp av eit stort oppdrag? Det kommer alltids fleire. (klarer ikkje heilt å overbevise meg sjølv her)

5. Du kan jobbe med det du vil…eller?

Her og vil eg seia: nja, tja. For min del er det kundane som bestemmer her og. Men nå er eg jo ganske heldig å ha gode kundar som eg likar å jobbe for. Så då går det i grunnen ganske greit. Men om eg skulle ha jobba med egeninitierte prosjekt hadde portefølja mi sett ganske annleis ut. Eg tenker eg er for feig til å ta skrittet ut her, men bøyer meg for markedet, konsumentane, kundane og pengane. Fy og fy. Men that’s the reality, og slik er det nok for dei aller fleste.

Løysing: jobbe slike eg gjer nå heilt til eit anna behov presser seg fram.

6. Du har ingen kollegaer

Dette er faktisk for meg ein sannhet med modifikasjonar. På større prosjekt jobbar eg gjerne i lag med andre, enten der eg blir henta inn som ein ressurs i kundens nettverk, eller på prosjekt der eg hentar inn andre som eg trivst å jobbe i lag med. Dessutan så har eg ofte så tett kontakt med kunden at kunden blir min kollega, på godt og vondt. I tillegg er eg så heldig at eg sitter Oslo sitt triveligaste kontorfellesskap, 657 Oslo, som gjer at eg føler at eg har kollegaer rundt meg til ein kvar tid. Sjølv om me ikkje jobbar i lag på samme prosjekt, har eg alltid nokon å kaste ball med, ta lunsj med, fredagspils, julebord etc. etc.

Løysing: involvere meg i større prosjekt slik at eg kan jobbe i eit større team.

7. Du veit ikkje kva du kommer til tjene

Eg veit ikkje kva eg kommer til å tjene i morgon, neste veke, neste månad, neste år, etc. Men eg kan regne meg fram til det, sånn ca., og så kan eg leve etter det. Og så kommer det gode periodar og mindre gode periodar, og så lenge ein er førebudd på det, så går det heile ganske bra. Men total sikkerhet får du aldri, men det kan du nesten ikkje rekne med som ansatt heller.

Løysing: alltid spare litt, og bekymre seg mindre.

8. Firmatur og andre bonuser

Eg er alltid for lite generøs på mine egne vegne. Om Hveem Media spanderer noko på meg så er det enten fotoutstyr eller mat. Kun nytte. Stort sett. Ganskje kjedelig eigentleg.

Løysing: vera meir generøs, slå på stortromma – av og til.

9. Karriereklatring

Eg trur det er lettare å klatre i stilling og lønn som ansatt enn som sjølvstendig. Dette fordi ein er i eit større nettverk, og du kan ta og føle på neste trinn. Det blir lettare synleg. Du kan jo sjølvsagt klatre som sjølvstendig og. Men trur det krevjer ein større teft for framgang og hardare arbeidsinnsats for å komme dit.

Løysing: mi løysing på dette er å auke timeprisen for kvart år, samt å sile ut kva kundar eg vil jobbe for og kva kundar eg ikkje vil jobbe for.

10. Du er jobben din

Eg er redd jobben min styret livet mitt. Den bestemmer når eg skal stå opp om morgonen og når eg kan ta fri. Men slik er det jo for dei fleste. Eg kan ikkje forvente nokon ting, men eg må alltid vera førebudd. Alltid litt på. Men uten sikkerhet. Du veit aldri kva du får i hendene. Mitt problem er at eg er eit evig ja-menneske, noko som i utgangspuntet er bra som sjølvstendig, men av og til kan det bli litt for mykje. Du tenker på jobb, du drømmer om jobb, du ER jobben din. Og det er jo ganske trist.

Løysing: sette begrensninger på f.eks. timeantall pr. dag/uke, sette begrensninger på antall åpne prosjekt. Få meir oversikt og sette foten ned. Dette for å gi meg meg sjølv pusterom til å prestere dag etter dag, utan å gå lei.

Trass i alt dette kunne eg ikkje ha tenkt meg å hatt ein annan jobb. Eg stortrivst. Enn så lenge. Men eg synest Hveem Media kunne ha vore litt meir spandabel, kva med ei skikkelig 10-års jubileumsmarkering?