Wordfeud – tips og triks

Img 0974

Ok, eg innrømmer det. Eg er hekta på wordfeud. Wordfeud handlar om å legge bokstavar ut på eit spelebrett, akkurat som scrabble. Ein speler mot motstandarar over nett, med svarfrist på 72 timar. Det handler om å få mest mogleg poeng ut av brikkene, noko som handlar like mykje om strategi, som ordforråd. Her skal eg dele det eg har erfart så langt sidan eg byrja i juli.

Link til wordfued for vidarekomne – tips og triks del II.

2. mars vart ordlista oppdatert. Les meir om kva som fortsatt er lov og ikkje i Endring i ordlista til norsk wordfeud.

  • Sjå etter haler, slik at du bygg vassrett og loddrett samstundes. Ein hale er f.eks. om du legger til ein T på flirT. Om du samstundes nyttar T-en til å legge eit ord 90 grader på det eksisterande ordet, vil du få meir poeng ut av bokstavane du legg.
  • Sjå etter 3X bokstavpoeng og pass på å plassere poengrike brikker på dei stadene. 4-poengsbokstavar som B, G, P, J etc. er gull å legge på 3X. Den eine brikka vil åleine gi 4x3x2=24 poeng. Og for ikkje å snakke om bokstaven Y, 8x3x2=48p.
  • Lær deg uvanlege to-bokstavskombinasjonar (sjå liste under). Desse kjem godt med om ein skal bygge tett inntil på fleire ord samstundes.
  • Lær deg kombinasjonar med Y, Æ, C og W (sjå lister under).
  • Sjå etter muligheit for imperativ, som f.eks. vrikl, svindl, rukl, bevr. Dette gjeld særleg om ein slit med å ha for få vokalar. Vær raus med konsonantar og gjerrig med vokalar.
  • Unngå å gjere det lett for motstandaren å rappe 3X-ordpoeng, særleg i kombinasjon med 2X. Det eine trekket kan åleine føre til eit tap, i ein ellers jamn omgang.
  • Sjå etter muligheit for å legge alle (sju) brikkene ut på brettet, òg kalla «bingo». Dette gjeld f.eks. om ein har 2-3 vokalar, gjerne i kominasjon med endingar som f.eks. -ENE, -ENDE, -LIG(E), -ETE ,-ERE. Det utfordrande er ofte å få plassert det ut på brettet, størst sjanse i starten på spelet. Om ein har gode byggevokaler, kan det vera lurt å kvitte seg med bokstaven(-e) som hindrar bingo, og satse på å få nye brukbare brikker i neste trekk.
  • Ikkje tenk at du skal kvitte deg med bokstavar. Det beste er å utnytte brettet og legge korte ord som gir høg poengsum, heilt til du kan legge ut alle sju brikkene på ein gong (derfor er det lurt å følge med på endingar og samle på -ene, -ende, -lig, -ere osv). Ord med fem eller seks brikker opner ofte opp for motstandaren.
  • Om ein ikkje klarer å legge ut alle brikkene, er lange og samansatte ord som regel ein god trøst. Enkelte kombinasjonar er lov, andre ikkje. Sjå liste under.
  • Når skal ein bytte boksatvar (swap tiles)? Eg tenker heller ein gong for mykje enn ein gong for lite. Særleg gjeld dette i starten av spelet og særleg det aller første trekket. Om ein sit med kun konsonantar eller vokaler i fleire omgangar går det hardt utover poenga, då er det betre å bytte – først som sist.
  • Leit, leit og leit og sjå etter muligheiter der ein egentleg hadde gitt opp. På den måten blir ein betre og betre for kvar gong. Tar ein det første og beste, vil ein stå på same stadiet som når ein starta. Og ja, bruk ordboka for å utvide ordforrådet.
  • Link til nasjonal wordfeud-cup.

ORD MED C

  • PC, CV, CD
  • ABC
  • ECU (-EN) fork. for eng. European Currency Unit ’europeisk valutaenhet»
  • CON
  • COR
  • CRU
  • CUP
  • TBC
  • PACE, -ER-, -ERE, -EREN)
  • SEC, SIC
  • AVEC
  • CAPS
  • CENT
  • CESS, CISS
  • CHIP
  • DISC
  • ACID
  • ACRE
  • BACK
  • CASE
  • CASH
  • CAVA
  • CELT – huløks, øksetype fra bronsealderen
  • CHAT(T) – nettprat
  • CIITO – på brev el. resept: haster, hurtig
  • CITY
  • CLOU (-EN, -ET, -ENE)
  • COIL
  • COLA
  • CODA – (mus.) sluttsats
  • COLT – revolver
  • CRUS (-HED)
  • CYAN
  • ECRU – farge
  • FACE
  • DUCE
  • PACT
  • CHENG
  • FRANC
  • FACTS
  • INCH
  • KICK
  • HACK
  • LOCO – (hand.) på salgsstedet
  • NICK – brukernavn på nettet, psevdonym
  • PACE
  • PUCK
  • RACE
  • ROCK
  • TACO
  • TIC(S)
  • GRACE
  • ACETON
  • BACON
  • CARGO
  • CEDER
  • CELLE
  • CELLO
  • CHIEF
  • CHIPS
  • CHILI, CHILLI
  • CHOKE (-T)
  • CHUCK
  • CIRKA
  • CORNY
  • CREDO
  • CROSSA (-A)
  • CRUIS (-A)
  • CYSTE
  • KNOCK
  • CRIMEN
  • JACKET
  • OUNCE
  • MATCH
  • RANCH
  • RECHTS, RECHTSE
  • SCENE
  • SCORA
  • TRUCK
  • TOUCH
  • CERISER
  • COITUS
  • CORNER
  • CØLOM – kroppshule
  • ACETON
  • CARNET
  • CEREAL
  • CORTES
  • CYMBAL
  • MOUCHE (-N)
  • SNACKS
  • CHARTER
  • SCHÆFER

ORD MED W

  • WC, WEB
  • WEBB (-BE. -BA)
  • EWE – afrikansk folkestamme, person av ewe
  • WAD – forvitringsprodukt av manganførende mineral
  • WADI – (arab.) tørt elveleie
  • WOW
  • WON (-EN),
  • WOK (-K, -KETE)
  • WOKER
  • BOW
  • BOWL
  • DHOW – arabisk skip
  • SHOW
  • WATT (-SK, -SKE)
  • KIWI
  • WELT – øverste del av strømpe
  • WELTE – brette ut overlær på sko og sy det til sålen
  • WIRE
  • WHIG
  • SWING
  • TWIST
  • WHIFF – utriggerbåt; liten sigar
  • WHIP(S) – (eng. pisk) innpisker (i politisk parti)
  • WATER (-E)
  • WASTE – (eng.) avfall i fremstillingsprosess
  • WEBBE (-S)
  • WEBER
  • WHIST
  • SCHWA – (hebr.) redusert fullvokal, f.eks. en slapp e i slutten av ord
  • TWEED
  • WHISKY
  • FATWA
  • YAWL
  • WASABI
  • WIENER
  • NEWTON
  • SUBWAY
  • WESTERN
  • WOBBLER

Mange av desse orda kan ein og bøye, som bowL, showET, kiwiEN, wireN osv.

ORD MED Y

  • FY, MY, VY, YL
  • BEY, BOY
  • KRY
  • DØY
  • DRY
  • GYS
  • KYS, KYT (-A, -ET)
  • LØY
  • LYS, SLY
  • MYS, MØY
  • NYP, NYK
  • RYT, RYR
  • YEN, YND, YNG, YVD
  • YRK
  • YTT, YIN, KYTT
  • HYER
  • MENY
  • OKAY
  • GYLF
  • LYTE
  • SKYR
  • TYRI
  • YARD
  • YOGA
  • YSTE
  • TYFUS
  • VYRK
  • KYND
  • KYLE (-T)
  • CYSTE
  • HUSKY

ORD MED Æ

  • BÆ (-A), HÆ, ÆH, ÆR
  • BÆR (-A, -ET), TÆL, HÆL, HÆR
  • DÆS
  • LÆS
  • FLÆ (grunn bukt, flat grunne)
  • RÆV, RÆR
  • PÆL
  • MÆT (-E, -ER, -R, RE)
  • ÆRA
  • ÆSE, ÆSA
  • ÆSET
  • ÆSJ
  • ÆVA
  • ÆTT (-A, -E)
  • SÆT (-E, ER)
  • SÆL
  • SÆTT
  • SÆD (-A)
  • VÆT
  • LÆGR
  • SPÆL (-ER)
  • TRÆS
  • TÆRT
  • TVÆR
  • BLÆR
  • FLÆR (-E)
  • FÆLSKA
  • VÆTE (-R, RE)
  • VÆTT
  • MÆLE (-R, -T)
  • MÆRD
  • ÆVEN
  • ÆGIDE
  • ÆRBAR
  • ÆREND
  • TÆTTER (TÅT)

UVANLEGE ORD MED 2-BOKSTAVAR

  • ÆH, AH, AB, AG
  • EA, EV, EH
  • FA, FU
  • GO, GU
  • HO, HE
  • LP
  • PD, PM
  • MM, MY
  • HE, HM
  • NO, NU
  • KA, KÅ
  • LU
  • PI, PØ, PS, PU, PY
  • SU, SO, SØ
  • TU, TØ
  • UH
  • VY, VÅ
  • YV
  • ÆH, ØN
  • ØD
  • ÅH, ÅE, ÅA, ÅK, ÅP

KORTE OG UVANLEGE ORD

  • OBS, OHM, MHO
  • AHA, HEHE, HØH, PST
  • ANG, ALP, AGG
  • BOI
  • ESK
  • FES
  • FUJ
  • DOR, DVD
  • ELE
  • FLU, FOB, FRO
  • HOM, HIM, HEM, MHM, HVI
  • GETT
  • IDA, PER
  • JEI, JER, JÅS, JOE, JOK, JØY
  • LÅK
  • PEG, PEGG
  • SIK, TIK, PIK
  • PØT
  • GON
  • ISJ
  • JAA, JAN, JAR(A), JAK
  • KRI
  • LAL, LSD
  • MÅG
  • NID, NYP, NUV
  • NJA, TJA,
  • OHM, OHO, ODT
  • TUB
  • VIM, VIME
  • BESJ
  • BØKL
  • FJED
  • HEGD, HOTE, HOOK, HURI
  • KHAN, KULLT
  • JAPS, JUTE, JOUR, LJUGD, JAMS, FJESK
  • RABBI
  • SJAH
  • SKOV
  • FAIT
  • PTRO
  • SPIT
  • TIPI, TUPI
  • DUNSA
  • GJURA
  • THAIEN
  • HIPTE
  • KILLA
  • KLIPA
  • TVARE, STAVR
  • NÅMA
  • NIBE
  • SHAKE
  • HJUPA

KONSONANTRIKE ORD

  • BH
  • CD, CV, WC
  • HM
  • LP
  • LSD
  • MHM, MM
  • PC, PD
  • PM, PS, PST
  • DVD
  • SJAH
  • PTRO
  • DJINN
  • AGDSK
  • FENDR
  • FJESK
  • STAVR
  • TJALK
  • HJALM
  • LJUGD
  • WHIFF

SAMANSATTE ORD

  • BILTUR
  • BILAND
  • BEROP
  • HAVIS
  • DUMSNILL
  • SOLDRØM
  • RØDGULT
  • PRALHANS
  • SYPIKE
  • SYDAMER
  • ØLBASS
  • SJØBENA
  • TYVJO(-EN)
  • ISFLAKA
  • ROTEHUSET
  • URDYRA
  • JÆRBU
  • GRÅGAS
  • DUMSNILL
  • SJØFAREN

ORD Å HUGSE PÅ

  • BISAK
  • SMÅFE
  • SEGMENT
  • ODIØS
  • KOLJEN
  • PIVOTEN
  • PILAFF (matrett)

BINGOER

KLOSSEN, GAMBENE, SMERTENe, MIKADOeN, JURISTENe, OFFsIDER, HILSeNER, POSITUR, PARKENE, BlODSLIT, INNFØRE, AVGrENSE, ISBARER, LAGUNER, PROSedERE, GRØTETE, RAUTENE, GRØTENE, MInKENDE, TRIOENE, GRAFSET, KNERTER, KUNSTIG, SKLIDDE, KVISTEN, BLAKRER, VANNKAR, GREIERE, ELEGANT, bokSKREDET, NISTENE, KOFFEIN, KNULLES, DATIVER, MORSENE, FOkUSERE, GAMBLER, STØTENE, FLEISEN, VRAKEDE, AMØBENE, KLOSSET, TJUEFEM, GLASSENde, MoRELLER, SMIGRET, MUSTENE, MEDALJE, KLUMPEN, STANGES, TRASKET, FJERNER, SÅRENDE, GJEMMER, SÅRENDE,BakENDER, FERJENE, TURVISE, KLONETE, TERGETE, GARNETE, RASFARE, SANNEST, FREGnETE, ROSSENE, INFERNO, VAIENDE, SIKTENDE, FINSKErE, INVESTOr, FARBOR, ISFLAKA, roTEHUSET, FAsTINGA, SIRENEN, KREERTE, INNLAND, TREVLEN, HASJENE, DISKETE, MAGESÅRA, URDYRA, SORTENE, SLETTET, RUGGETE, MATTENE, RINENDE, SENESTE, DISSEKER, ÅRSAKEN, ELENDENE, VALTEDE, PiNSEDAG, KVARtETT, DIKENdE, LINJErTE, SPEIDET, KNOTENE, SKORPiON, BUSSEDE, SLANTENe, tVISTEDE, UTROLIG, RÅRANDA, FREGNER, HEKSETE, TRILLER, fESTINGA, GRAPSET, HEROINeR, HELSING

BRIKKEFORDELING

Totalt antall brikker: 104 stk

  • 0 poeng: Blank (2×)
  • 1 poeng: A (7×), D (5×), E (9×), N (6×), R (7×), S (7×), T (7×)
  • 2 poeng: F (4×), M (3×), L (5×), I (6×)
  • 3 poeng: H (3×), K (4×), O (4×)
  • 4 poeng: Ø (2×), Å (2×), B (3×), J (2×), P (2×), U (3×), G (4×)
  • 5 poeng: V (3×),
  • 8 poeng: Y (1×), Æ (1×)
  • 10 poeng: W (1×), C (1×)

Denne artikkelen vert oppdatert med jamne mellomrom etterkvart som eg kjem over nye lovlege ordkombinasjonar.

Tjenester

Foto

Eventyret startet med foto i 2007, da Oda jobbet som reklamefotograf for CC Gjøvik. Hun ble kastet rett ut i det – med ansvar for både moteserier og redaksjonelle bilder. Siden den gang har mennesker alltid vært et favorittmotiv. Enten det er portretter eller personer i naturlige omgivelser, liker hun å fange uttrykk og stemninger med en redaksjonell nerve og en ren, minimalistisk komposisjon. I dag er Visuello fast fotograf for blant annet Tripletex, Aschehoug og Barnehageforum.

Brandbilder

Med en bakgrunn i både design og fotografi, har Visuello en unik evne til å forstå merkevarens identitet og formidle dette gjennom foto. Oda, som står bak Visuello, fanger autentiske øyeblikk med teknisk presisjon og en minimalistisk estetikk. Resultatet er rene, tidløse bilder som skaper et varig visuelt inntrykk.

Film til sosiale medier

Film for sosiale medier krever både presisjon og kreativitet. Visuello leverer innhold av høy kvalitet – tilpasset alt fra små mobilskjermer til større flater. Med solid erfaring i både produksjon og tilpasning av innhold, vet vi hva som skal til for å skape engasjerende videoer som skiller seg ut og treffer målgruppen.

Redaksjonelle filmer

Redaksjonelle filmer med substans og formidlingsevne. Visuello har bred erfaring med å produsere innhold for utdanningssektoren – særlig intervjufilmer og forklaringsfilmer med et redaksjonelt preg. Vi jobber tett med kunden i utviklingen av regi og manus, for å sikre et resultat som både informerer og engasjerer.

Reklamefilm

Reklamefilmer med gjennomslagskraft. Når budskapet skal spisses og etterlate et varig inntrykk, handler det om å fortelle en god historie – gjennom lyd, bilde og stemning. Visuello bistår i hele prosessen, fra idéutvikling og manusarbeid i samarbeid med tekstforfattere, til lydlegging og ferdig produksjon. Alt skreddersys etter behov og budsjett.

Visuell identitet

Med en master i design og en bachelor i mediedesign har Visuello solid kompetanse innen visuell kommunikasjon – med særlig fokus på utvikling av visuell identitet og logo. Vi har blant annet utformet identiteter for reiselivsbutikken Chillout og langrennsdestinasjonen Sjusjøen. I tillegg er Visuello fast designer for Appfabrikken AS.