What designers know av Bryan Lawson

Skriv et fortellende resymé av boka What designers know av Bryan Lawson

Last ned som pdf

Oppgavetekst

Skriv et fortellende resymé av boka What designers know av Bryan Lawson

Karakter: B

(Oxford [England], Arcitectural Press, 2004)

Skrive av Oda Hveem, 24. april 2007

Intro

Bryan Lawson er dekan ved arkitektstudiet ved Universitetet i Sheffield. Hans arkitekt- og psykologbakgrunn har muleggjort ei unik utforsking av designprosessen som eit fenomen. Hans første bok How Designers Think vart utgjeve allereie i 1980, og har kome ut i fleire reviderte versjonar, etterkvart som Lawson har utvikla nye idear og utført nyare forskingsarbeid. Boka eg skal sjå nærare på i dette essayet, What Designers Know (2004), starta nettopp som ein revidert versjon av hans første bok. Gradvis utvikla ho seg til å bli ei sjølvstendig verk, då det nye innhaldet var såpass omfattande at det ikkje passa inn i strukturen frå How Designers Think.

Kvart kapittel i What Designers Know dreier seg om ulike teknikkar som best kan forklare den forma for kunnskap som blir brukt av designarar. Boka utforskar om designkunnskap er ei særskild form for kunnskap, og prøver å gå til rota til kvar denne designkunnskapen kjem frå. Boka har fokuset på korleis designarar nyttar teikningar for å kommunisera med idear, og korleis desse skissene konverserer med designaren i designprosessen. Boka set òg fokuset på korleis erfaringsrike designarar nyttar kunnskapen i forhold til novisar. Framføre alt, dannar denne boka eit omriss av kva kunnskap og forståing ein designar nyttar seg av i sitt virke.

Designkunnskap

Lawson hevdar designarar sit inne med ein kunnskap som ingen andre har og som ein heller ikkje kan lese seg til. Denne kunnskapen er dårleg forstått og sjeldan forklart, men gjennom boka prøver han å gi oss ein pekepinn på kva faktorar det involverar.

Design som eit fenomen er eit paradoks; kvardagsleg, men unikt. Kvar dag tek me meir eller mindre ubevisste val om kva klede me dressar oss opp i, korleis me innreier rommet vårt, kva bil me køyre osv. På ein måte designar me vår eigen kvardag, utan å kunne begrunne dei vala me tek. Profesjonelle designarar derimot, er bevisste på vala dei tek og kan til og med begrunne dei for oss. Dei må altså forstå noko som me andre «dødelege» ikkje er i stand til å skjønne sjølv. Og ikkje nok med det, men dei kan til og med, som den britiske arkitekten Sir Denys Lasdun sa så forttreffeleg;

«not what the client wants but what he never even dreamt of» (Lawson 2004, s.8)

Designkunnskapen til ein erfaren designar er annleis enn designkunnskapen til ein novise. Men hovudskilnaden på ein ekspert og ein novise er korleis denne kunnskapen blir anvendt. Kompetanse kjem med erfaring. Med erfaring kan ein designar sjå både fleire problem og fleire løysningar. Dei veit kva som vil fungere og kva som vil føre til fiasko. Dei kan tenke lengre framover, på grunnlag av tidlegare resonnement og erfaringar.

Denne erfaringa og denne kunnskapen kan ein ikkje lese seg til, hevdar Lawson.

«Design has to be learned by doing rather than reading a textbook», (Lawson 2004, s. 7)

skriv han i boka si. Ironien er ikkje til å unngå, då me faktisk som ein del av vår designutdanning må igjennom ei såpass fagleg akademisk lada lektyre. Men det er ikkje Lawson sin feil, han er klar på dette punktet, men det er litt underleg at han har eit såpass stort behov for å feste sine akademiske tankar om design som eit fenomen i ei eiga bok.

Lawson er oppteken av korleis designkunnskap skil seg frå anna kunnskap. Han hevdar han kan høyre om ein forelesar har teoretisk bakgrunn eller om han faktisk ein praktisk bakgrunn. Det er nok eit bevis på at det er snakk om ei særskild form for kunnskap; «knowing by doing». Han hevdar vidare at designkunnskap er sterkt avhengig av tidlegare erfaringar. Ved å samle på inspirasjon byggjer ein opp referansar ein kan dra nytte av i framtidige arbeid. Dette er det Lawson kallar precedent. Det er i følgje Lawson viktig for ein designar å byggje opp dette spekteret av referansar for å verta ein dyktig designar.

Designprosessen

Designprosessen er eit komplekst scenario. Det involverer mange ledd som kan vera vanskeleg å systematisere og sette i ei kronologisk rekkjefølgje. Mange har prøvd å skjematisk framstille denne prosessen, men dette er ofte blitt gjort på eit urealistisk kildegrunnlag, i følgje Lawson. Utvalet av forsøkspersonar og føresetnadane desse har arbeida under, har skapt upresise fakta. På grunn av designaren sin komplekse tilnærmingsmåte, der inspirasjon blir henta frå omgjevnadane og interaksjon med andre menneske, vert det nærast ei umogeleg oppgåve å isolere designaren og denne designprosessen.

Designarar er visuelle menneske. Heilt frå første stund der briefen vert utlevert frå kunden, vert ord og visjonar oversatt til visuelle bilete i designaren sin hjerne. Designaren sin bruk av visuelt minne og refleksjons- og arbeidsmåtar er naudsynt i designprosessen. Dei dreg saman informasjon frå mange kjelde, bl.a. problemstillinga, eigne erfaringar og openberre og mindre openberre kjelder. Mange designarar brukar skisseblokka som verktøy for å organisere og vidareutvikle tankar og idear. Nokon er såpass direkte knytta til skissene at blokka fungerer som ei ekstra form for hukommelse. Det oppstår då ei dialog mellom skissene og designaren, hevdar Lawson. Ein kan dermed kople saman fleire faktorar og kome fram til uventa løysningar.

Datamaskinen som designverktøy

Skisseblokka er ekstremt nyttig for designaren, men den har sine styrker og svakheitar. Mange av ideane som designaren har drodla ned på eit ark, vil berre vera forståeleg for opphavsmannen, og teikningane finnes berre ein plass og kan ikkje kopierast opp like lett som ei fil på ei datamaskin. Datamaskinen som eit designverktøy derimot har sin styrke i at fleire kan jobba saman opp i mot same skisse, som mogleggjer eit breiare og meir effektivt samarbeid. Lawson poengterar at skisseblokka likevel er overlegen som skisseverktøy, fordi ein oppnår direkte kontakt mellom skissene og designaren. Medan arbeid som involverar detaljar og matematiske konstruksjonar, trer datamaskinen fram som det mest effektive verktøyet. Har design blitt betre etter datamaskinane sitt inntog? Lawson hevdar at han finn lite bevis på at datamaskinen har forbetra kvaliteten, eller har gjort design til ei betre oppleving – så langt.

Konklusjon

Denne boka er skrive for akademikarar og studentar innanfor fagfeltet arkitekt og design. Det er ei akademisk fagbok som tar for seg refleksjonar og teoriar Lawson har på hjertet angåande designaren og deira virke. Han forklarar designprosessen og korleis ein designar går løys på eit problem og utviklinga fram til eit endeleg resultat. Sett frå ein designstudent sin synsvinkel, får eg lite ut av denne boka. Den er tørr, den er akademisk, og den tar opp problemstillingar eg ikkje har behov for å lese om. Ein del av refleksjonane Lawson kjem med verkar opplagte på meg, det seier seg sjølv, og eg føler eg kastar vekk tida mi på å lese om «denne unike kunnskapen til designaren». Misforstå meg rett; denne boka prøver ikkje å fortelje meg korleis eg skal bli ein betre designar, men som Lawson sjølv seier:

«Rather it will attempt to develop part of what has to be a rather long answer to some very short questions...in this book we will explore the common features we can detect in the kinds of knowledge designers rely upon and try to explain why they are indeed rather special and in some ways rather unconventional».

Hadde forfattaren gjort desse lange svara litt kortare og meir underhaldande og spørsmåla meir engasjerande, hadde kanskje boka vært interessant for fleire – inkludert meg.

Eit anna punkt er at forfattaren skriv at det er designarar generelt han utforskar, men dette er eg ueinig i. Mykje av det han seier er kanskje interessant for heile fagområdet design, men eksempla han kjem med, omhandlar arkitektar og arkitektur, dette gjeld òg alle illustrasjonane som vert nytta i boka. Lawson har sjølv praktisert som arkitekt i både offentleg og privat sektor, og eg meiner det gjennomsyrer heile boka og øydelegg for min truverdighet om hans viten om design som eit generelt fenomen. Eit anna negativt trekk ved boka er at den stadig refererar til første boka Lawson skreiv, «How Designers Think», og at han enten skriv at han skal komme tilbake til saken, eller «men dette skal me ikkje gå nærare inn på her». Lesaren sit dermed igjen med følelsen av å bli snytt for informasjon.

Lawson har mange tankar og teoriar om designaren og kva kunnskap designaren sit inne med, men kven er det interessant for når informasjonen er lagt fram på denne måten?

MCCCXCVII

Referansar:

Bryan Lawson, 2004, What designers know, (Oxford [England], Arcitectural Press