Produced by the whole world, directed by the whole world

Gjør rede for fenomenet ”brukerskapte digitale tekster” og reflekter over ulike typer konsekvenser dette fenomenet og disse tekstene kan få for publiseringen.

Gjør rede for fenomenet ”brukerskapte digitale tekster” og reflekter over ulike typer konsekvenser dette fenomenet og disse tekstene kan få for publiseringen.

Produced by the whole world,

directed by the whole world

Skrive av Oda Hveem, 3. Klasse mediedesign, Høgskolen i Gjøvik

Med ny teknologi følgjer nye vanar

I løpet av dei siste åra har det vakse fram ei rekkje nye formar for publikumsdeltaking og brukarmedverknad i mediesektoren. Utviklinga har bakgrunn i digitalisering og konvergens, og framveksten av nye medium som mobiltelefon og Internett (Allen 1998, Livingstone 1999). Rundt århundreskiftet ekspanderte brukarskapte tekstar på nett, i form av private heimesider, blogg osv. I forfjor ekspanderte fotodeling på Internett drastisk. Nettstaden Flickr la opp til at brukarane kunne samle, organisere og dele bileta sine med andre. I fjor kom videodeling for fullt. Amatørvideoar har lenge vært ein fenomen på Internett, men det var først då YouTube vart lansert at det heile tok av. Dette fungerer som ein database med god funksjonalitet, kven som helst kan laste opp sin eigen amatørproduserte video. Det er enkelt, det er raskt og det er gratis. Det går føre seg ei utvikling i mediesektoren – brukarane sjølv står for store deler av innhaldet. Fører dette til ein større grad av demokratisering, eller fører det til at media mister sitt truverde? I dette essayet skal eg sjå nærmare på brukarskapte digitale tekster og kva konsekvensar brukarskapte tekstar kan føre til.

Skjermtekst

Ordet tekst kjem frå det latinske verbet textere, som betyr å veve, sammenflette. Omgrepet vert dermed ein metafor for eit nettverk av ord og forestillingar. Digitale tekstar er eit omgrep som gjerne vert brukt om tekstar som er knytta til datamaskinen. Dette omgrepet er upresist, skjermtekst er meir presist (derfor burde dette ordet bli brukt i stadenfor «digitale tekster» i oppgåveformuleringa). Skjermtekst avgrensar innhaldet til å gjelde utsegn som ikkje berre er digitaliserte, men som er betinga av datamaskinen sin eigen estetikk, med hypertekstualitet, interaktivitet og multimedialitet som virkemiddel (tekst.no). Heile poenget her er at teksten må ha vore produsert, distribuert og publisert på skjerm. Tar ein utskrift av ein skjermtekst, går ein eller fleire dimensjonar tapt. Verdensveven består av både skjermtekstar og digitaliserte tekstar (innhold som før har vært framstilt i analog form). Eg skal vidare i dette essayet sjå nærare på skjermtekstane, kva dei inneheld, kven som skriv dei og kven som les dei.

Ytringsfridom

Mennesket har til alle tider hatt behov for å ytre sine meiningar. På 1000-tallet vart ytringa kanskje rissa inn på runer og på 1700- og 1800-tallet vart bodskapet trykt opp i flygeblad. Internett skapte ein ny sjanger som mennesket si personlege stemme kunne boltre seg i: bloggen. Akkurat som flygeblada heldt på å rive ned grensene mellom det saklege, radikale og det overfladiske, er bloggen trua av det same. Og på same måte som flygeblada ein gong medvirka til dialog mellom borgerskapet og folket, kan bloggen bidra til dialog i dagens samanvokse offentligheit.

Blogg, podkasting og wiki

Ordet blogg er ei samandragning av dei engelske orda, web og log. Også kalla vevlogg, og er eit omgrep om ei internettside der ein eller fleire forfattarar ytrar synspunkt og fortel om det som skjer i verda. Ofte kan óg lesarar av bloggen skrive svar og reaksjonar til det som står, og poste dei direkte til eit innlegg. Innlegga blir ofte datert i omvendt kronologisk rekkjefølgje (wikipedia). Det finst bloggar som er reine dagbøker, medan andre er meir retta mot eit samfunnstema. Bloggen er ei form for meiningsytring i grenselandet mellom journalistikk og personlege meiningsytringar.

Podkasting er ein måte å publisere lydopptak på Internett som ein kan abonnera på ved hjelp av RSS. Dette er ei teneste som vidareformidlar utdrag av innhald frå ei side. Ordet podkasting kjem frå det engelske ordet podcasting, ei samanslåing av orda iPod og broadcasting (kringkasting). Ein kan blant anna bruke nyare utgåver av programma iPodder, iTunes og Winamp til å abonnere på og finne slike podkastingar (wikipedia). Med podkasting har me fått ein kanal som kan hjelpe til med å nå direkte fram til publikum, og unngå media si filtrering av bodskapet. For dette publikummet er mobilt og stadig på farten. Publikum ønskjer å kontrollere kva dei vil sjå og når dei vil sjå, og andre sider av kvardagen sjølv.

Ein wiki er ei samling hypertekstsider, som peikar til kvarandre, der brukarar sjølv kan endra innhaldet. Namnet kjem frå det hawaiiske ordet wikiwiki, som tyder særs rask. Ein wiki blir til ved at fleire brukarar lagar og endrar sider utan at dei må godkjennast på førehand. Det er ein effektiv arbeidsmåte, fordi ein kan skriva om det ein sjølv kan best, og overlata til andre å fylla ut det dei kan betre (wikipedia). På denne måten får ein samla all vår kunnskap og viten på ein samla plass. Ein kunnskap som kan utvikla seg og verta oppdatert kontinuerleg. Me kan linke kunnskapen vår saman til eit eige samfunn, verdensveven.

Aktør og publikum i samspel

Med desse publikasjonsformene kan du bestemme sjølv kva du vil at heile verden skal få med seg. Du vert din eigen redaktør og produsent, og du har høve til å nå ut til fleire millionar menneske. Ikkje er du nøydt til å ta kontakt med eit forlag, og ikkje er du nøydt til å søke konsesjon. Dette skapar ein nærare kontakt mellom aktør og publikum. Nå kan terminalar som YouTube (samling av amatørvideoar), MySpace (kommunikasjonsrom med fokus på musikk) nærast fungere som ein arena der uoppdaga talent kan komme seg ut i markedet. Nordmannen Lasse Gjertsen er blitt verdskjent for amatørvideoen «Hyperactive» som ein kompis la ut på YouTube. Videoane hans er lasta ned over 10 millionar gongar bare frå YouTube (Nettreferanse 1). Dette har ført til jobbtilbod frå bl.a. selskap i Hollywood, bilprodusenten Chevrolet og MTV (som han forøvrig takka nei til). Dette eksempelet vitnar om at vanlege menneske som du og eg verte kjente i løpet av natta.

Ny kommunikasjonsmodell

Før hadde ein éin eller fleire sendarar, som f.eks Aftenposten, Sunnmørsposten, som laga redaksjonelt innhald mynta på lesarane. Nå er flisa vendt andre vegen, brukarane sjølv vert bidragsytarar, okke som dei er journalistar eller ikkje. Teksten er skrive av oss sjølve, til oss sjølve. Dette er eit nytt fenomen som kom i kjølvatnet av Internett, og som skapar ein ny kommunikasjonsmodell: frå massen, til massen. Dette kan ha sine fordelar og ulempar.

Konsekvensar

2005 var året då folk byrja å formidle nyhende sjølve. Tsunami, Pavens død, London- bomba. Ein kan stille spørsmål om dette er ei demokratisering av nyhendeproduksjo- nen, om det er ei popularisering av nyhendesproduksjonen eller om det først og fremst er ein tabloidisering av nyhendene. Mobiltelefonen sin utbreiing og nærvær i store og små situasjonar er med på å gi et tydeligare fokus frå folk flest. Den fremjar uttrykket til amatøren. Men undergrev det samstundes det saklege og kritiske synspunktet frå ein profesjonell formidlar?

Det er tydeleg at Internett har forandra seg frå å vera ein statisk leverandør av in- formasjon til å verta eit «samfunn» med større muligheiter for kommunikasjon og interaksjon. Med dagens teknologi kan alle publisere på Internett, tekst, foto og video. Fleksible tenester som oppfordrer til deltaking og samhandling veks og veks. YouTube overgår CNN (kjelde: utskrift frå nett), Facebook overgår.. Flickr overgår... Google

- Få men store mediehus - Nyhetslederen av VGnett trur det er rom for begge tilnærmingsmåtane i framtida. Medan dei kjappe, lette og underhaldande nyhetssakane vert publisert på Internett, i form av bilete, tekst og video, vert dei lange artiklane som går i dybden publisert i avisa. Dette er en bevisst posisjonering som mange mediehus er samde om. Dei tradi- sjonelle media må tilpasse seg for å overleve, - Lesaren må bli kjeldekritisk, vurdere kjeldene opp mot kvarandre -> - Fem av dei ti nettstadane som vokste mest i juli er skapt på brukergenerert innhold (Dagens Næringsliv -> VG-mann). - Tempet på jounralistikken øker. Alle saker skal ut raskt. Alle saker sjal ha et bilde. Fleire versjoner av ein sak. Dei mest hendelsesladde fotografia vinn. - Redaktøransvar

Konklusjon

Det er ikkje første gong i historia at amatørane får sleppe til fordi teknologien tillet det. På 60-talet fekk amatørfotografiet ein oppblomstring då Kodak lanserte sitt første Instamatic-kamera. Dåtidas fotografar var livredde for å miste sitt yrke. Historia gjen- tok seg sjølv eit par tiår seinare då desktop-publishing vart tilgjengeleg for private da- tamaskinar, og privatpersonar kunne sette opp tekst og bilete sjølv. Men desse «revo- lusjonane» har ikkje gjort fotografar og grafisk designarar overflødige, tvert i mot. Dei møtte konkurranse frå amatørane, og måtte raffinere og utvikle sin fagkompetanse. Det same trur eg vil skje med journalistane i dagens samfunn med stor grad av brukar- medverknad. Det er rom for begge, amatøren og den profesjonelle, publikum må bare bli bevisste sine kjelder. Om ein vil ha saklighet og dybde, så finn det. Om ein vil ha den korte og underhaldande replikken så finn ein det óg. Utvalet er større og synsvinklane er mange. På sett og vis tenderar denne tendensen i demokratisk retning. Men samti- dig er det viktig å påpeike at det kanskje heller er snakk om brakerskapt underhaldning og ikkje brukarskapt innhold.

Kjelder:

1: http://no.wikipedia.org/wiki/L...