Testbilete frå fototuren til Hammerfest

Mg 7468

I helga var eg i Hammerfest med illustratør Jonas Bødtker for å fotografere fem kunstbilete. Oppdraget er å teikne ein bestemt logo teikna i lysgrafitti plassert i nordnorsk natur. Dei fem kunstbileta er under arbeid, her kjem litt testbilete og naturbilete av det fantastiske landskapet i mellomtida.

Søndagnatt 02:38. Siste bilete. Me pakkar saman, kalde og slitne etter fire intense timar med maks prestering.

Nå attstår redigering og utplukking av dei fem bileta. Gleder meg til å vise kunden og publisere!