Innlegg

Testbilete frå fototuren til Hammerfest

I helga var eg i Hammerfest med illustratør Jonas Bødtker for å fotografere fem kunstbilete. Oppdraget er å teikne ein bestemt logo teikna i lysgrafitti plassert i nordnorsk natur. Dei fem kunstbileta er under arbeid, her kjem litt testbilete og naturbilete av det fantastiske landskapet i mellomtida.

Flyturen frå Tromsø til Hammerfest: ein fin opptakt til kva som venta oss i nord.

Første område me svingar innom på befaring dag 1: Kirkegårdsbukt, Forsøl.

Pausebilete medan me ventar på at sola skal gå ned.

Pausebilete nr. 2 medan me ventar på at sola skal gå ned.

Pausebilete nr. 3 medan me ventar på at sola skal gå ned. Utsikt mot Melkøya.

Sola har gått ned, men det er fortsatt alt for lyst! Første test. Me ristar på hovudet, pakker sekken og reiser til ein ny stad.

Me bytta ut kvit snø med eit svart berg og kunne endeleg starte. kl 23.30. Testbilete.

Nok eit testbilete. Gul lysstav med sterkare lyspunkt i topp og botn.

Bilete frå befaring neste dag. På toppen av Storefjell. Jonas peikar ut ein potensiell location.

På jakt etter store steinar til å ha i bakgrunnen for lysgrafittien si skuld.

Snøscootertrioen. Betre folk til å ha med på oppdraget skal du leite lenge etter. Takk Hammerfest Røde Kors!

Snødekte fjell i sikte frå Storefjell.

Glad eg hadde med meg 200mm-objektivet i fotosekken.

Søndagnatt 02:38. Siste bilete. Me pakkar saman, kalde og slitne etter fire intense timar med maks prestering.

Nå attstår redigering og utplukking av dei fem bileta. Gleder meg til å vise kunden og publisere!

 

 

Lysgrafitti test #1

Jonas Bødtker og eg er i gang med eit spennande prosjekt som går ut på å tegne med lysstaver, såkalla lysgrafitti. Her er litt bilete frå første test me hadde ein haustkveld.


Trikset med lysgrafitti er at bileta vert teke på lang lukkertid, slik at den som teiknar med lys forsvinn i biletet (så lenge han/ho er i bevegelse). På den måten vert berre lyset ståande igjen.


Her brukte me i tillegg tilt-shift objektiv for å oppnå den spesielle dybdeskarpleiken.


Lysmonsteret.


Test på skraveringsteknikk.


Test på sjablongteknikk.


Den obligatoriske Packmannen.


Test på kaligrafilogo plassert på himmelen.


Flygande tonar på operataket.


Test på lys montert på enden av eit tau.


Sveivande tau.


Hoppetau #1.


Hoppetau #2.


Hoppetau #3.


Hoppetau #4.

Alt i alt fekk me testa ganske masse i løpet av ein kveld. Neste gong skal me fokusere meir på sjablongteknikk og frihåndsteikning med utstikt utover hav og himmel. Takk til Marte Kanutte Almås Johansen som var med oss store deler av kvelden =)