FEM KUNSTFOTO TIL ENI

Dette prosjektet er kanskje det mest spennande prosjektet eg har gjort så langt. Stavangerfirmaet Procontra utlyste i fjor ein konkurranse i kunstfoto med lysgrafitti under tittelen Arctic Art. Sidan eg har ein master frå Kunshøgskulen med fokus på lys og projisering vart eg direkte kontakta av Stavangerfirmaet. Eg knytta til meg illustratør Jonas Bødtker (via twitter) og saman leverte me desse testbildene i fjor haust som gjekk heilt til topps i konkurransen.

TESTBILETE I

Vinteren 2011 gjekk me i gang med yttarlegare testing for å optimalisere teknikken, som gjekk ut på å teikne logoen til oljeselskapet Eni med lommelykt (eksponert med lang lukkertid). På den måten forsvinn den som teiknar medan lommelyktlyset i naturen er det som står att.

TESTBILETE II

Me prøvde oss fram med ulike lyskjelder, alt frå laserpenn til juletrelys. Clas Ohlson var vår venn.

TESTBILETE III

Me prøvde oss og fram med ulike sjablongar i ulike storleikar og material. Utfordringa her var at me ikkje skulle etterlate noko spor i naturen m.h.t briefen. Sjablongen måtte i såfall usynleggjerast.

TESTBILETE IV

Etter to månadar med testing leverte med dette biletet til Eni Italia som skulle godkjenne prosjektet, før endeleg opptak i Finnmark.

FLYTUR TIL HAMMERFEST

I starten av 2012 fekk me endeleg klarsignal frå Eni Italia og reiste opp til Hammerfest for å få arktisk miljø. Det var i grevens tid då det kun var mørkt nok mellom 00.00 og 02.00 der oppe. To timar arbeidstid i to dagar var alt me fekk for å ta dei beste bileta me nokon gong hadde tatt.

BEFARING

For å få mest muleg variasjon i bileta, valde me tre ulike opptakslokasjonar; ved fjøra, ved eit berg og oppe på fjellet. Tusen takk til Hammerfest Røde Kors som stilte opp med ein scootertropp midt på svarta natta!

LYSKJELDER

På kvar lokasjon brukte me ulike lyskjelder for å få eit mest mulig rikt utvalg av uttrykk. Men stort sett var det lommelykta frå Clas Ohlson som var i bruk.
– – –

RESULTATET

Og her er det endelege resultatet, fem kunstfoto til ENI som dei kan bruke i deira markedsføring tre år fram i tid.
– – –
Takk til Jonas for nydeleg arbeidsinnsats foran kamera! Og takk til prosjektledelse av Kirsti og Kjetil v/Procontra, våre kontakpersonar i Eni Norge: Bente og Fay-Renee og Røde Kors Hammerfest!