August 2, 2010
0
By Oda in Photo
Vinjerock er ein rockefestival som har vorte halden årleg på Eidsbugarden ved vestenden til Bygdin i Jotunheimen sidan 2006. Festivalen går over tre dagar fyrste helga i august, og festivalområdet ligg på 1060 moh. Alle foto: Oda og Gaute.

180 gradars panoramabilete over festivalområdet.
Read the rest of this entry »
Tags: Konsert, Natur
August 1, 2010
6
By Oda in Photo
Det heile starta for seks år sidan, med ein venners vennar fest. Ein spleisa på mat, og artistane spela gratis, i ordentleg god norsk dugnadsånd. Nå har festivalen utvida seg, men konseptet er utruleg nok det same. Artistar i frå USA, England, Irland osv kjem til øysamfunnet Giske utanfor Ålesund for å vera med på verdensbestefestival. Over 160 band spurte om å få vera med på årets festival. 50 av dei fekk lov til å ta turen. Artistane får kost og losji som betaling, samt å oppleve ekte norsk natur, på godt og vondt. Været holdt seg heldigvis bra på laurdagen, og me fekk mange fine konsertopplevingar, på fremste rad med kamera rundt halsen – i kjend stil.

Robert Post frå Langevåg var først ute på laurdagen.
Read the rest of this entry »
Tags: Konsert
July 30, 2010
0
By Oda in Various
Ny moteserie for kjøpesenteret Gjøvik. Tema: Skulestart. Location skulestova på Eiktunet, Gjøvik.

Foto: Oda Hveem, AD: Elisabeth Vik, sminke/hår: Marita Johansen, styling: Hege Hansen.
Modeller: Vind IL, takk til: Eiktunet.
Read the rest of this entry »
Tags: Moteserie, Sandbeck
July 30, 2010
1
By Oda in Photo
Ikkje kvar dag eg har ein 2 veker gamal baby til modell. Artig var det i allefall, mykje underholdning på kort tid ;)
Bileta er tatt i stova til modellane, med teppe til bakgrunn og natuleg lys i frå vindauga. Kamera: Canon EOS 5D Mark II og objektivet Canon EF 24-70 mm f/2,8 L.
Tilde, 2 veker gamal.
Read the rest of this entry »
July 16, 2010
2
By Oda in Photo
Eg hadde meg ein tur nå nyleg til Elverum for å forevige det nygifte paret Siri og Roland.
Read the rest of this entry »
Tags: Bryllupsbilete, Tilt-Shift
July 13, 2010
1
By Oda in Music, Photo
Eg var ein svipptur innom Baroniet i Rosendal i helga med saksofonen og kameraet.
Read the rest of this entry »
Tags: Rosendal, Tilt-Shift
July 11, 2010
7
By Oda in Graphic design, Visuello.no
Å lage portefølje på nett er tidkrevjande og vanskeleg, men heldigvis overkommeleg for folk som meg, som ikkje er nokon racer på html/css. Særleg nå i det siste, då det har dukka opp fleire «ferdige» løysningar for å visa fram arbeida sine.
Eg har til nå sett på 4 ulike måtar å lage portefølje på nett utan å ha nokon nokon særleg kunnskap om programmering.
Mi førebelse portefølje er ei cargo-side.
Cargo is a web publishing (CMS) and community-building platform currently in development. It powers a variety of creative communities in the fields of Education, Design, Research, and Conceptual Art.

Read the rest of this entry »
Tags: indexhibit, Tips, wordpress
June 27, 2010
1
By Oda in Photo
Skap dramatikk i naturbileta dine med heimesnekra objektivfilter av billigaste sort!
Read the rest of this entry »
Tags: Halsnøy, Natur, Tips
June 25, 2010
0
By Oda in Photo
Når fjella vert brattare og fjordane lengre, så veit eg at eg nærmar meg heimstaden min. Her er litt snapshots teken frå bilvegen i Hardangerfjorden.

Read the rest of this entry »
Tags: Halsnøy, Natur
June 23, 2010
0
By Oda in Photo

Fargestyring er noko kompliserte greier. I all hovudsak vil ein gjerna at det ein ser på skjerm skal likne det som kjem på trykk. Dette skjer sjeldan, trur aldri eg har opplevd det. Hudtonar er noko av det vanskelegaste. Her skal eg dele mine erfaringar.
- For det første MÅ ein ha ein kalibrert skjerm. For å kalibrere skjermen bør ein bruke eit kalibreringsverktøy. Sjølv brukar eg Spyder 3 til rundt to tusen. (Det finnes sjølvsagt betre og dyrare variantar enn dette).
- For det andre må ein ha riktig fargeprofil på bileta. Om ein jobbar i Adobe RGB så må bileta konverteras til CMYK før dei kan trykkast. Då er det viktig å vite kva fargeprofil ein skal bruka, ofte kan det vera lurt å ringe trykkeriet for å vera på den sikre sida. Er det bestrøket papir på ein bruke ein “coated” fargeprofil, er det ubestrøket er det “uncoated” som gjeld.
- For å minske fargeavvik er det lurt å måle CMYK-prosentverdiane på bileta med pipetten i Photoshop. Dette er faktiske verdiar som kan gi ein peikepinn på kvar ein bør ligga uansett kor ukalibrert skjerm ein jobbar på. Tommelfingerregelen på å få gode hudtonar på trykk er at cyanprosenten skal ligge under halvparten av magenta.Gult skal normalt ligge på rundt 10% meir enn magenta. Som f.eks. desse verdiane på eksempelbiletet: CYAN: 20%, MAGENTA: 50%, YELLOW: 60%. (For å få fram pipetten som målar prosentverdiane kan du opne vindauga “Info” ved å trykke på F8).
Read the rest of this entry »
Tags: Tips