Eg var ein svipptur innom Baroniet i Rosendal i helga med saksofonen og kameraet.
Rosendal er administrasjonssenter i Kvinnherad kommune, og den største turistbygda i kommunen. Ved Rosendal tettstad ligg òg den største turistattraksjonen i kommunen – Baroniet Rosendal, eit lite slott frå om lag 1666 som ligg inne i eit stort parkanlegg, i dag eit museum som mellom anna fokuserer på unionstida med Danmark. Kring Rosendal er det høgefjell, og det er ikkje langt til isbreen Folgefonna og Folgefonna nasjonalpark, sjølv om tettstaden ligg ut mot Hardangerfjorden.

(Foto: Mona Grønningen for avisa Kvinnheringen.) Det var i anledning eit speleoppdrag på ein mat- og kunstfestival at eg tok meg turen til Rosendal. Ingebjørg Eik til venstre og meg til høgre.
Baroniet Rosendal er ein herregard som ligg i Rosendal i Kvinnherad kommune. Herregarden ligg ved enden av Hattebergdalen, mellom fjella Melderskin og Malmangernuten.
Baroniet var det einaste i Noreg, og vert no drive som eit museum. Baroniet vart oppretta i 1678 av kong Kristian V av Danmark-Noreg, men sjølve slottet blei byggd på 1660-talet.
Mannen som stod for bygginga av slottet var dansken Ludvig Rosenkrantz. Han byggde skandinavias minste slott på garden Hatteberg, som var garden han og kona hans, Karen Mowatt, hadde fått i bryllaupsgåve frå far til bruda, Axel Mowatt. Axel Mowatt var på denne tida Noregs nest rikaste mann. Universitetet i Oslo eig eigedommen.
Tags: Rosendal, Tilt-Shift
Flotte bilder fra hagen i Baroniet. Jeg likte godt vannfontenebildet.
Clara