
Fargestyring er noko kompliserte greier. I all hovudsak vil ein gjerna at det ein ser på skjerm skal likne det som kjem på trykk. Dette skjer sjeldan, trur aldri eg har opplevd det. Hudtonar er noko av det vanskelegaste. Her skal eg dele mine erfaringar.
- For det første MÅ ein ha ein kalibrert skjerm. For å kalibrere skjermen bør ein bruke eit kalibreringsverktøy. Sjølv brukar eg Spyder 3 til rundt to tusen. (Det finnes sjølvsagt betre og dyrare variantar enn dette).
- For det andre må ein ha riktig fargeprofil på bileta. Om ein jobbar i Adobe RGB så må bileta konverteras til CMYK før dei kan trykkast. Då er det viktig å vite kva fargeprofil ein skal bruka, ofte kan det vera lurt å ringe trykkeriet for å vera på den sikre sida. Er det bestrøket papir på ein bruke ein “coated” fargeprofil, er det ubestrøket er det “uncoated” som gjeld.
- For å minske fargeavvik er det lurt å måle CMYK-prosentverdiane på bileta med pipetten i Photoshop. Dette er faktiske verdiar som kan gi ein peikepinn på kvar ein bør ligga uansett kor ukalibrert skjerm ein jobbar på. Tommelfingerregelen på å få gode hudtonar på trykk er at cyanprosenten skal ligge under halvparten av magenta.Gult skal normalt ligge på rundt 10% meir enn magenta. Som f.eks. desse verdiane på eksempelbiletet: CYAN: 20%, MAGENTA: 50%, YELLOW: 60%. (For å få fram pipetten som målar prosentverdiane kan du opne vindauga “Info” ved å trykke på F8).
Dette er slik eg vil at det skal vera på trykk.
Dette er slik det vart. Plakaten bakerst er trykt hos eit trykkeri, og avisa i forgrunn er trykka hos eit anna trykkeriet. Som dåke kan sjå er det store avvik frå ei og same fil. Litt avvik bør ein rekna med når det vert trykka på to forskjellige papir og hos to forskjellege trykkeri. Plakaten vart for lys, men ellers fin farge. Avisa vart for mørk og med litt magentaskjær.
Tags: Tips
