Her er litt bilete frå ein 5-dagars ferietur i Spania i lag med Kathrin og to av hennar vennar. Kjempefin tur, maks heldig med været og passe avslappande men samstundes nok av opplevingar.
Eg reiste i frå regnværet i Oslo kl. 04:45. Heilt perfekt å reise tidleg om morgonen. Mindre kø samstundes som ein har moglegheit til å oppleve ein del når ein kjem fram den same dagen.

Klokka 12.00 landa eg i Malaga i Spania. Málaga er ein by i sør i Spania. Han er den sjette største byen i Spania og den 43. største byen i Den europeiske unionen med kring 570 000 innbyggjarar. Han er den åttande største europeiske byen ved Middelhavet og er den byen i Europa med meir enn 250 000 innbyggjarar som har dei varmaste vintrane. Byen ligg sør i Spania på Costa del Sol, om lag 100 km aust for Gibraltarsundet, og om lag 130 km nordaust for Tarifa – det sørlegaste punktet på det europeiske fastlandet. Málaga er ikkje ein turiststad om ein definerer det som ein stad med mange hotellsenger. Men mange turistar vitjar likevel byen sidan han ligg nær Costa del Sol. Mange av turistane som dreg til Málaga kjem hit for å vitje fødestaden til kunstnaren Pablo Picasso. Frå Málaga er det enkelt å kome seg til andre byar som Sevilla, Córdoba, Granada og Jaén med bil, båt eller tog.

I staden for å bli i Malaga, reiste me direkte til ein litt mindre by som heiter Torremolinos for strand, sol og varme. Det som møtte oss var britiske pubar og resturantar og feite og bleike turistar.

Me var ikkje åleine om å besøke Torremolinos, dette biletet er frå handlegata i setrum. Kaffen, Café con Leche, var i det minste god :p

Men me fekk litt strand og sol som plaster på såret.

Etter to dagar pakka me kofferten og reiste vidare til Granada. Granada er ein by som er provinshovudstad i provinsen Granada i Andalucía, sør i Spania. Byen ligg ved foten av fjellrekkja Sierra Nevada. Byen har kring 240 000 innbyggjarar, kring 60 000 av desse er studentar. Universitetet i Granada vart grunnlagd i 1531 av kong Karl I av Spania, og er rekna som eit av dei mest presisjefylte universiteta i landet.

Ein velfortjent øl på takterassen i solnedgang.

Første natta lyna og tordna det verre enn heima på vestlandet. Eg hang ut vindauga med kameraet og fyra av i håp om å treffe lynglimtet.

Men det vart likevel fint vær dagen etterpå. Her er me (frå venstre: Alex, Frid og Kathrin) i gang med å planlegge dagens utfluktar. Målet vår å få sjå det jødiske området samt det arabiskinspirerte Granada.

Litt typo og mønster for designnerder som meg.

På veg opp gjennom gatene i Granada som fører opp til slotts- og borgområdet Alhambra.

Den neste dagen besøkte me Alhambra. På 1200- og 1300-talet vart slotts- og borgområdet Alhambra bygd, komplett med hagar og palass. Området er kjend for sin arkitektur, og er teke med på UNESCO si liste over verdsarv samen med den arabiske gamlebyen Albaicín.

Alhambra ligg på eit platå i utkanten av Granada. Her har ein utsikt over heile byen og dei enorme slettene i vest og nord. I bakgrunnen ligg Sierra Nevada fjella mot sør og øst.

Nærast i eitt med slottet ligg også den praktfulle hagen Generalife. På norsk betyr det noko slikt som «Arkitektens have».

Alhambra er det mest fullendte eksempelet på maurisk kunst i den siste europeiske tidsalder.

Maurere er en betegnelse på de muslimske innbyggerne på Den iberiske halvøy og i Maghreb (Nord-Afrika) i middelalderen.
I 711 begynte de erobringen av Iberia, som var fullført i løpet av fem år. I 718 begynte så reconquista, den langvarige kristne gjenerobringen som skulle fortsette helt til 1250 i Portugal og 1492 i Spania.
Et forsøk på å erobre områder nord for Pyreneene endte i 732, da Karl Martel slo maurerne i slaget ved Poitiers. Den opprinnelige mauriske staten dekket det meste av dagens Spania og Portugal, men i 750-årene oppsto det indre konflikter, og den ble splittet i mindre fyrstedømmer underlagt Córdoba-kalifatet.
De kristne områdene i nord og vest gjenerobret sakte men sikkert, slik at i løpet av de neste århundrene kom Galicia, León, Navarra, Aragon, Catalonia, Portugal og Castilla under kristen kontroll. Man fikk så en periode med gjensidig toleranse, hvor maurere, kristne og jøder levde sammen. I 1031 kollapset Kalifatet Cordoba, og det islamske området i Spania ble deretter styrt av nord-afrikanske maurere.
I 1212 ble maurerne drevet ut av Spania av en kristen koalisjon under Alfonso VIII av Castilla. Det eneste gjenværende mauriske riket var Kongedømmet Granada, som overlevde frem til den siste herskeren, Boabdil, kapitulerte den 2. januar 1492.
De gjenværende muslimene ble tvunget til å velge mellom å konvertere til kristendommen eller å forlate Spania. En del valgte å bli; deres etterkommere ble kjent som moriscos og var en viktig del av bondebefolkningen i flere områder inntil de ble forvist mellom 1609 og 1614. De fleste av de som forlot Spania reiste til Marokko, Algerie og Tunisia hvor de bidro til å sette preg på disse landenes kultur. Det var også en betydelig andel som ble sjørøvere.
Fremstilling av maurere, gjerne meget mørke og med et utseende heller typisk for negre, er meget alminnelig i europeisk heraldikk.
Kathrin i Alhambra, omgitt av maurisk arkitekturkunst.
Frid og Alex på toppen av Alhambra.
Siste knips i Malaga kl. 09:00, rett før avreise til Noreg. Takk for turen :=)
Tags: Europa






[...] Viss du vil sjå bilete frå turen, så ligg dei her. [...]