I forigårs var eg oppe i krana på Seilduken for å knipse bilete som skal setjast saman til ein liten filmsnutt. Frå og med august flyttar alle studentane- og lærarane frå dei ulike design- og kunstretningane inn i same bygg. Samlokaliseringa av Kunsthøgskulen i Oslo vil då verta den største kunsthøgskulen i Nord-Europa!
Her er litt snapshots med tilt-shift-objektivet. Filmen kjem seinare, etter å ha knipsa litt fleire tusen bilete, og satt saman til film. Tidkrevjande? Ja… Men trur det kan bli kanonbra, viss nokon har tips til musikkval til filmen, så rop ut!

Det som er spesielt med tilt-shift objektivet, er at ein har full kontroll over dybdeskarpleiken og fokusplanen; kor mykje, og kvar hen. F.eks kan ein legge det uskarpe på venstre- og høgresida, eller i topp og botn, eller berre ein av delane, eller kombinere slik at ein får andre variantar. På dette biletet har eg lagt det uskarpe i topp, og litt i botn. Hovudresepsjonen kjem til å ligge i glassbygget midt i biletet.

Her har eg lagt det uskarpe på venstre- og høgresida. Christianias Seilduksfabrikk til nederst til venstre.

Mange kvadratmeter med brustein vart lagt for hand. (Tilt-shift-effekten kjem ikkje så godt fram når ein kjem så høgt opp).

Christianias Seilduksfabrikk, snart Nord-Europas største kunsthøgskule
Foreløpig har fotografert rundt 10.000 bilete, satsar på å ta ein dag eller to til før eg byrjar å sette saman til film. Hysterisk morosamt å sjå arbeidsfolka springe rundt i 4 fps.
Tags: Khio, Tilt-Shift
Blir moro å se. :D
Ja, det lovar bra så langt. Har sett i saman litt småsnuttar, og det ser veldig bra ut. Men manglar litt close-ups og musikk til filmsnutten. Så viss du har nokon tips til passande musikk, så rop ut!