Her er ei lita oppsummering av kva eg haldt på med i 2009.
Januar
I januar brukte eg tida mi på å redigere og sortere bilete i frå ein fire-månads tur i Asia. Med dette biletet frå Muren i Kina vann eg fotokonkurransen «Vinnarbiletet» i bladet Fotografi.
Februar
I februar visste eg framleis ikkje kva eg skulle gjera det kommande året. Men eg reiste stadig over til Gjøvik for å fotografere eit og anna oppdrag, blant anna ny moteserie for Idéhuset Sandbeck/kjøpesenteret CC. Dette er eit profilbilete eg fotograferte for grafisk designar Bobbo Enger.
Mars
I mars vart eg ansatt som grafisk designar i Dialecta Kommunikasjon på Gjøvik. Der var eg blant anna med på å lage denne årsrapporten for Ringeriks-Kraft, som kom på delt førsteplass i ein årsrapportkonkurranse.
Eg var og med å lage denne produktkatalogen til Mustad.
Same våren laga eg gjorde eg òg litt logoarbeid som frilansar. Her er to av dei, den eine til HB Entreprenør, den andre til Økologisk Fokus.
April
Samstundes som eg jobba som grafisk designer for Dialecta fotograferte eg motebilete for Idéhuset Sandbeck/kjøpesenteret CC. Dette er eit bilete i frå serien Vårens moter. Dette var den første moteserien med det nye kameraet mitt Canon 5D Mark II.
Mai
Mai var ein travel månad med fotooppdrag som frilansar i tillegg til fast jobb som grafisk designar. Her er artistbilete som eg tok av årets sommerslagere. Månaden seinare fotograferte eg livebilete av same gjengen på Gjøvik Gård.
Juni
Eit av dei større oppdraga eg gjorde for Dialecta var ein collageserie for Studentsamskipnaden i Oslo. Her er ein av collagane.
Juli
Juli vart òg ein travel månad for meg. Fleire frilansoppdrag som skulle gjeras ferdige før eg drog på sommerferie på sykkeltur til Danmark og avslapping på vestlandet. Fritida som var til overs brukte eg på beachvolley på Fastland på Gjøvik. Men før eg tok ferie rakk eg blant anna over motebile for Didriksons og artistbilete av glamrocker David Lereng-Reite.
August
I august starta eg på master i design, med spesialisering i visuell kommunikasjon på Kunsthøgskulen i Oslo. Før eg pakka pikkpakket og flytta til Oslo, tok eg blant anna bryllaupsbilete av venneparet Jøran og Ida og ny moteserie for Idéhuset Sandbeck/Kjøpesenteret CC. Denne gongen på Høgskulen i Gjøvik, med studentar som modellar.
September
I september var eg komen på plass i Oslo, men reiste likevel opp til Gjøvik omtrent annankvar veke for å fotografere både det eine og det andre. Eit av dei større oppdraga var høstmote for Kjøpesenteret CC. Tema var grønnsaker frå Toten. Så me fekk tilkjørt eit lass med grønnsaker av all slags sortar, og Gjøvik-Vardal Håndballklubb og Gjøvik FF stilte med modellar. Her er eit av bileta frå serien.
Oktober
I oktober reiste eg framleis opp til Gjøvik for å fotografere for blant anna Gamletorvet Spiseri, promoteringsbilete til Vandrerhjemmene rundt Mjøsa, promoteringsbilete til Viken Folkehøgskule, og bilete til Norsk Vegmuseum. I tillegg laga eg dette sjølvportrettet. Denne månaden vart noko travel, då det trass alt var starten på ei 2-årig masterutdanning, flytting, ny leilighet, nytt storband, ny saksofon mikrofon, nytt bandoppdrag med Superfan, nytt volleyball-lag, nye klassekameratar nye… you name it! Ja, og så fekk eg òg tildelt eit kulturstipend på 30.000 kr. i frå heimkommunen min.

November
I November roa det seg litt. Hadde berre eit oppdrag på Gjøvik, nemleg ny moteserie for Idéhuset Sandbeck/Kjøpesenteret CC. Denne gongen fekk me låna Gjøvik Gård til location. Etter det oppdraget drog eg over dammen til London for å besøke tidlegare klasseveninner i frå Høgskulen i Gjøvik. Det viste seg at heile seks stykker frå gamleklassen var der på same tid.
Desember
Vel heime igjen var det tida for å konsentrere seg om skulen og masterprosjektet. Fem veker hadde eg på meg til å forske på kva eg skal jobbe med vidare dei neste 18 månadane. Etter først å ha trudd at eg skulle jobbe med fotocollage og norske sagn, bytta eg tema til visualisering av musikk midtveis i halvåret. Dette temaet engasjerar meg nok sterkare når alt kjem til alt. Her er eit bilete i frå ein bileteserie av akrylmaling som dansar i takt med musikk i frå høyttalar. Eg fekk gode tilbakemeldingar på presentasjonen, og kunne pusta letta ut og ta juleferie med godt samvit.
Tags: Asia, Bryllupsbilete, Khio, Sandbeck, Volt


















