Her er «Høstmote» fotografert for kjøpesenteret CC på Gjøvik. Tema denne gongen var grønnsaker frå Toten. Location: Bassengparken på Gjøvik. Eg hadde som vanleg problem med studioblitzane (på tide at eg kjøper mitt eige lysutstyr snart..). I starten virka berre den eine blitzen, og etter første bilete streika den óg.. Med 6 modellar, 18 antrekk og fleire kilo grønnsaker som skulle forevigas, vart eg noko småstressa. Men etter litt organisering fekk eg heldigvis tak i nokre videolamper frå Høgskulen i Gjøvik, det fekk duge.
Oppdragsgiver: Idéhuset Sandbeck. Foto: Oda Hveem. Ad og fotoassistent: Elisabeth Vik, Styling: Hege Hansen, Hår & sminke Marita Johanssen. Modeller: Øyvind Henriksveen, Jan Axel Skonnord og Audun Solheim fra Gjøvik FF, samt Maria M. Hansen, Benedicte Hagen Farstad og Senka Buljan fra Gjøvik og Vardal Håndballklubb.
Du er utrulig flink til å variere stilarter! Han som sitter på krakken i det første bildet, svever i løse lufta og holdes oppe av grønnkålen!!
Takktakk :) Var artig tema denne gongen! Og så hadde me på førehand bestemt at det skulle vera tre forskjellige settinger. Eg prøvde å underbyggje dei ulike settingene med ulike effekter, slik at det vart litt variasjon.
[...] annankvar veke for å fotografere både det eine og det andre. Eit av dei større oppdraga var høstmote for Kjøpesenteret CC. Tema var grønnsaker frå Toten. Så me fekk tilkjørt eit lass med [...]