Her er bilete frå siste oppdrag på Gjøvik. Me fekk Gjøvik-Vardal Håndballklubb til å stille opp ved ruinane på Hovdetoppen. Veldig fin plass! Men ikkje fullt så artig å ha fotoshoot der når det byrjar å regne, mørkne og når strømaggregatet slår seg vrang. I tillegg så kortslutta den eine studioblitzen, så me måtte forandre på lyssettinga midt i fotoshooten. Var ein dag då alt så kunne gå galt – gjekk galt.. Men dei sporty modellane holdt ut i kulden og var tolmodige med både meg og lysutstyret..
Kunde: Idéhuset Sandbeck.
Fotoassistent: Hege Hansen.