Her er bilete frå siste motefotografering for CC i regi av Idéhuset Sandbeck. Denne gongen brukte me Høgskulen i Gjøvik som location, og studentane Vanja Tallerud og Daniel Jordet som modellar.
Fototeknisk: Eg brukte kun reflektor denne gongen, ikkje fotoblitzar. Det gjorde at eg kunne flytte meg raskare frå stad til stad utan å måtte rigge opp og ned, og det gjorde at eg fekk endå betre kontakt med modellane. Det var for det meste overskya den dagen/solgløtt, som gav eit fint og mjukt fotolys. Kamera som eg brukte, var min gode venn Canon EOS 5D Mark II og objektiv: Canon EF 24-70mm f/2,8 (for ein gongs skyld ikkje 50mm).
Hår og sminke: Marita Johansen, klær og styling: Hege Hansen, fotoassistent: Kathrin Myrvang, foto og etterarbeid: Oda Hveem.
[...] pikkpakket og flytta til Oslo, tok eg blant anna bryllaupsbilete av venneparet Jøran og Ida og ny moteserie for Idéhuset Sandbeck/Kjøpesenteret CC. Denne gongen på Høgskulen i Gjøvik, med studentar som [...]