Author Archive

August 28, 2010 0

Videosnuttar levert til kunsthøgskulen

By Oda in Film, Photo

Nå har eg levert i frå meg heile sju sekvensar som syner arbeidarar i gang under ombygginga av Kunsthøgskulen. Desse videosnuttane, samansatt av tusenvis av bilete, skal snurre å gå på storskjermen i inngangspartiet i frå og med opninga av den nye Kunsthøgskulen på førstkommande mandag.

Tags: ,

August 21, 2010 0

Researchportfolio

By Oda in Graphic design, School

Forrige semester avslutta med oppgåva: lag ein researchportfolio. Nå har eg endeleg summa meg til å fotografere litt i frå mappa eg laga. Her er nokre bilete, du finn fleire på masterprosjektbloggen min.

August 21, 2010 0

Familiens dag på Norsk Vegmuseum

By Oda in Photo

Norsk Vegmuseum var såpass fornøyd med forrige fotoseanse, at dei inviterte meg tilbake for å knipse litt hos dei, anledning familiens dag. Eg tok med meg kamera og paparazziobjektiv for å forevige mangt og mykje, inkludert Byggmester Bob og x-antall barn i interaksjon med ærverdige køyretøy.

August 21, 2010 0

Reportasjebilete for avisa Sunnhordland

By Oda in Photo

For å ikkje kjede meg i hel på heimstaden min i sommar, så jobba eg fem dagar i avisa på Stord. Her er nokre av bileta eg fotograferte for dei.

August 11, 2010 0

Traktor med sjel

By Oda in Photo

Eg hadde meg ein liten fototur på Halsnøy i går. Gamletraktoren stilte villig opp som modell der han stod åleine og forlatt på Kippehaugen.

Tags:

August 10, 2010 0

Biletet – den overfladiske formidlaren?

By Oda in Writings

Kom over ein interessant artikkel om biletet sitt angrep på teksten, skrive av Pål Veiden (f. 1958), dr.polit og førsteamanuensis i sosiologi ved Høyskolen i Oslo. Les heile artikkelen her.
Han skriv:

August 9, 2010 2

Veggmåleri i verdsklasse

By Oda in Photo

I Høylandsbygd på Halsnøy, i Kvinnherad, i Hordaland, i Noreg, på jordkloda, i Melkevegen, har to polakkar stått og måla i to somrar på rad. Nå nærmar dei seg slutten. Eg fekk nærast bakoversveis når eg såg kva dei har fått til.

Tags:

August 8, 2010 0

Speleoppdrag på Fjellstreif

By Oda in Music

I år som i fjor spela eg på friluftslivfestivalen Fjellstreif i Rosendal.

Tags: ,

August 3, 2010 0

Det dramatiske (les: photoshoppa) Nord-Vestlandet

By Oda in Photo

Etter å ha sett litt for mykje adventure/drama/mystery/thriller i det siste, som The Book Of Eli og Inception, var eg nødt til å redigere dei siste bileta hakket meir dramatisk enn nødvedig :p

Tags:

August 2, 2010 0

Vinjerock 2010

By Oda in Photo

Vinjerock er ein rockefestival som har vorte halden årleg på Eidsbugarden ved vestenden til Bygdin i Jotunheimen sidan 2006. Festivalen går over tre dagar fyrste helga i august, og festivalområdet ligg på 1060 moh. Alle foto: Oda og Gaute.
180 gradars panoramabilete over festivalområdet.

Tags: ,